NRK Meny
Normal

Valdagsmåling: Shinzo Abe har vunne valet

Millionar av japanarar trassa vêr og vind for å kunne avlegge si stemme då vallokala i landet opna søndag morgon. Valdagsmålingane viser no at sitjande statsminister Shinzo Abe har vunne.

Shinzo Abe er statsminister i Japan.

Ifølgje valdagsmålingane skal Shinzo Abe ha vunne valet i Japan.

Foto: Shuji Kajiyama, SHUJI KAJIYAMA

Dei japanske media NHK og NTV melder at Abe sitt liberaldemokratiske parti LDP og regjeringskoalisjonen har vunne valet til nasjonalforsamlinga sitt underhus.

Ifølgje TV-selskapet TBS har Abe vunne 311 av dei 465 mandata i parlamentet. 63-åringen ligg med det an til å bli den lengstsitjande statsministeren i Japan.

Fryktar tyfonen hindrar folk i å gå ut

Svært mange har stemt på førehand, fordi dei ikkje ville risikere at supertyfonen Lan skulle hindre dei i å gå ut. Tyfonen vert skildra som svært stor og kraftig av det meteorologiske instituttet i landet. Den dreg med seg vindkast på opp mot 70 meter i sekundet i stillehavsområda sør for Japan.

Det er ikkje lenge sidan sist Japan var råka av tyfon, i september herja tyfonen Talim.

Val i Japan

Veljarane stemmer i Tokyo.

Foto: Behrouz Mehri / AFP

Låg valdeltaking

Fleire ekspertar meiner låg valdeltaking kan vere ein fordel for Abe, som overraska innbyggjarane med å halde valet alt no, når det i utgangspunktet ikkje skulle skje før i desember 2018.

Under dei to siste vala i Japan har valdeltakinga gått ned til under 60 prosent. Under valet i 2014 var deltakinga på rekordlåge 52,66 prosent.

.

Shoppers walk under umbrellas as Typhoon Lan approaches Japan's mainland, in Osaka

Innbyggjarane i Osaka måtte ta fram paraplyane søndag som følgje av uvêret som tyfonen Lan fører til.

Foto: Thomas White / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt