Hopp til innhold

Iranarane går til val

Iranarane vel ny nasjonalforsamling, men opposisjonen boikottar valet og resultatet er ikkje særleg spennande.

Iranske kvinner stemmer ved valet

Val: Iranske kvinner stemmer på ny nasjonalforsamling.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Stor plakat av president Ahmadinejad i Iran

PLAKAT: I Iran heng store plakatar av president Mahmoud Ahmadinejad.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / Reuters

Dagens val står først og fremst mellom konservative tilhengjarar og motstandarar av president Mahmoud Ahmadinejad og den andelege og reelle makthavaren ayatolla Ali Khamenei.

Det mektige Vokterrådet har godkjent dei litt over 34000 kandidatane som kjempar om 290 plassar i nasjonalforsamlinga.

Nærare 2000 kandidatar blei vurdert uskikka, anten fordi dei set spørsmålsteikn med den islamske revolusjonen og makta til presteskapet, eller fordi dei på anna vis har markert seg som reformtilhengarar.

Les også: Iran strupar nettet før valet

Sanksjonane svir

Vestlege sanksjonar og trugslar om angrep frå Israel har spelt ballen rett i fanget på dei konservative tilhengarane til Khamenei, medan nasjonalisten Ahmadinejad har fått skulda for at sanksjonane no har byrja å svi, og at økonomien i landet er under press.

Ahmadinejad reduserte subsidiane på drivstoff og mat allereie i 2010 for å redusere underskotet på statsbudsjettet, noko som ikkje gjorde han populær.

Les: Registrerte 646 lovbrudd under valg

Etter at han blei attvald i 2009, blei det store demonstrasjonar og Ahmadinejad blei skulda for valfusk.

Les: Demonstrerte mot valgfusk i Iran

Usikker støtte

I framkant av valet i dag blei mange av Ahmadinejad sine støttespelarar mellom kandidatane underkjent av Vokterrådet.

Det er difor eit ope spørsmål om kor stor støtte han kan rekne med i den komande nasjonalforsamlinga.

Iran har 48 millionar innbyggjarar med røysterett, og den iranske leiarskapen håpar på stort frammøte ved valet.

Vallokalane stengjer klokka 16.30 norsk tid, men stemminga kan bli forlenga med inntil fire timar dersom ein ser det som naudsynt.

SISTE NYTT

Siste nytt