Vaksinerte britar får datingfordelar: – Ikkje ønskeleg i Noreg

Britar kan no få eit merke på datingprofilane sine for å visa at dei har blitt koronavaksinerte. – Vi treng ikkje slike gimmickar, seier FHI-overlege Preben Aavitsland.

Tinder

DATINGFORDELAR: Vaksinerte i Storbritannia får fordelar på datingappar dersom dei er vaksinerte. Tinder gjev til dømes ut gratis «super likes».

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ulike datingappar gjev britar tilbodet om å visa vaksinasjonsstatusen sin, og rullar ut fordelar til dei som seier dei har fått ein dose.

Det skriv britiske medium som BBC, CNN og The Guardian.

Ordninga er i samarbeid med den britiske regjeringa.

Målet er å få dei yngre britane til å vaksinera seg.

Tiltaket følgjer ein liknande kampanje som blei lansert i USA førre månad.

Vaksinerte meir attraktive på marknaden

Helsedepartementet antyda at brukarar kan gjera seg meir attraktive på marknaden om dei fortel potensielle partnarar at dei har blitt vaksinerte.

Då ordninga og samarbeidet blei kunngjort måndag, viste helsedepartementet til ei meiningsmåling frå det britiske firmaet YouGov.

I meiningsmålinga, der 5000 britar blei spurde, svara 28 prosent at dei definitivt ikkje ville data personar som ikkje er vaksinerte.

31 prosent svara at dei helst ikkje ville data personar som er uvaksinerte.

Britain's COVID-19 Vaccine Deployment Minister Zahawi appears on BBC TV's The Andrew Marr Show

Nadhim Zahawi, Storbritannia sin vaksineminister, meiner initiativet er ein ressurs for vaksinasjonsprogrammet til landet.

Foto: Jeff Overs/bbc / Reuters

Ministeren som har ansvaret for vaksineringa i Storbritannia, Nadhim Zahawi, fortalde at han var svært begeistra for å kunngjera samarbeidet.

Han beskriv initiativet som ein «utruleg ressurs» for vaksinasjonsprogrammet i landet.

Gjev fordelar

Appane gjev brukarane ulike fordelar om du er vaksinert.

Blant anna gjev appen Tinder dei vaksinerte tilgang til ulike premiumsfunskjonar som vanlegvis kostar ekstra.

Tinder:

Tinder tilbyr ei rekkje merker til brukarane slik at dei kan visa vaksinestatus.

Grafikk: Skjermdump

Om du har eit vaksinemerke på profilen din, får du tildelt «super likes» gratis.

– Ikkje naudsynt

Overlege i Folkehelseinstituttet, Preben Aavitsland, er ikkje like posetiv til ei slik ordning.

– Denne ordninga er ikkje naudsynt eller ønskeleg i Noreg. Så langt har dei aller fleste som får tilbod om vaksinasjon, takka ja. Vi treng ikkje slike gimmickar, seier han.

Preben Aavitsland

FHI-overlege Preben Aavitsland er ikkje begeistra for ordninga som Storbritannia har innført.

Foto: Tor Erik Schrøder

Aavitsland fortel at dei vil at vaksinasjonsprogrammet skal vera eit gode for alle, inkludert dei som av ulike grunnar ikkje kan eller vil vaksinera seg.

– Vi ønsker i minst mogleg grad å skilja folket i ein vaksinert og ein uvaksinert del. Vi ønskjer at vi ikkje skal bli vande til eit system der dei uvaksinerte blir utestengde frå aktivitetar og arenaer der andre har tilgang, seier han.

Stor vekst

Datingapp-bransjen har gjort det godt under pandemien.

Tinder sine inntekter har stige heile 18 prosent. Det skriv The Guardian.

Ifølgje George Kidd, administrerande direktør i Storbritannia sin Online Dating Association har rundt 10 millionar menneske brukt datingappar.

«Når det ikkje var mogleg å møta folk personleg var tenestene ein viktig måte å møta andre på nettet, med håp om å kunna møtast seinare når det er trygt å gjera det», sa han.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 13.06.2021
1 038
Smittede siste 7 dager
47
Innlagte
789
Døde
1 929 544
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste nytt