Ei talskvinne for den israelske hæren opplyser at grensepolitiet avverga eit terroristangrep på busetjinga Gush Katif. Mannen var væpna med ei AK47 angrepsrifle og fleire handgranatar. Det var truleg to palestinarar som prøvde å ta seg inn i busetjinga, men den andre greidde å flykte.
- Vi oppdaga palestinaren då han prøvde å kome seg gjennom gjerdet inn til busetjinga, medan den andre venta utanfor. Då han såg at kameraten vart drepen, flykta han, sa ein offisere i grensestyrkane til nyheitsbyrået AFP.
- Dei siste månadene har vi opplevd slike infiltrasjonsforsøk dagleg dei siste månadene, ofte fleire gongar kvar dag, sa offiseren.
I natt vart ein israelsk soldat lettare såra i same området då jeepen hans køyrde på ei bombe.