NRK Meny
Normal

Massakre på religiøs markering i Irak

Over 65 menneske blei drepne i ei rekkje væpna åtak i Irak onsdag, ifølgje politi og sjukehuskjelder. Åtaket var retta mot ei sjiamuslimsk markering.

Minst ni menneske blei drepne då ei bombe som var retta mot sjiamuslimske pilegrimar, eksploderte ved ein av kontrollpostane til politiet i hovudstaden Bagdad.

Minst ni menneske blei drepne då ei bombe eksploderte ved ein av kontrollpostane til politiet i hovudstaden Bagdad.

Bilbombe i Bagdad

Ein øydelagd bil blir fjerna frå staden der ein bilbombe gjekk av og drap sjiamuslimske pilegrimar på veg til ein religiøs festival i sentrum av Bagdad.

Foto: SAAD SHALASH / Reuters

Minst ni menneske blei drepne då ei bombe som var retta mot sjiamuslimske pilegrimar, eksploderte ved ein av kontrollpostane til politiet i hovudstaden Bagdad.

Til saman skal minst 18 personar ha blitt drepne av fire bomber som eksploderte fleire ulike stader i Bagdad med få timars mellomrom.

Sjiamuslimane var samla for å markera ei religiøs høgtid.

Går til åtak mot sjiamuslimar

Dette er det tredje åtaket hovudstaden denne veka, retta mot den årlege pilegrimsferda til minne mot ein høgt akta imam.

LES: Minst 26 drept av bombe i Bagdad

Det blei samtidig meldt om ei rekkje væpna angrep og bombeangrep som kosta mange menneske livet i andre byar nær den irakiske hovudstaden onsdag formiddag.

To bilbomber i Hilla

Same dag blei minst 21 personar drepne og over 50 såra, då to bilbomber eksploderte i nærleiken av ein restaurant i den sørirakiske byen Hilla sør for Bagdad, ifølgje politiet. Bombene gjekk av med nokre minutts mellomrom.

Bilbombe i Karbala og Blaad

I den nærliggjande byen Karbala eksploderte ein parkert bil nær ei anna gruppe sjiamuslimske pilegrimar. To personar blei drepne og 22 blei skadde.

I tillegg gjekk det av to bilbomber i byen Blaad nord for Bagdad, der sju blei drepne og 34 blei skadde. Pilegrimane hadde akkurat starta ferda mot Bagdad då eksplosjonane skjedde.

Langvarig politisk konflikt

Åtaka skjer på bakgrunn av ein langvarig politisk konflikt mellom dei to muslimske retningane, og er rekna som ein langvarig sekterisk konflikt.

Pilegrimsferda i fjor gjekk derimot av stabelen utan liknande problem. Talet på valdshandlingar har gått kraftig ned i Irak etter den borgarkrigsliknande tilstanden som råda i landet mellom 2006 og 2007.

Likevel blir landet, særleg Bagdad, stadig råka av blodige åtak.

Sjiamuslimske pilegrimar har vore hyppige mål for åtak frå sunnimuslimske opprørarar, nokre med tilknyting til al Qaida.

Den blodigaste bølgja av kampar mellom dei to gruppene blei utløyst av ei bombeeksplosjon i februar 2006 i byen Samarra.

Totalt blei 132 irakarar drepne i slike valdshandlingar i mai i år, ifølgje offisielle tal.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt