Hopp til innhold

Uvisst utfall i Lima

LIMA (NRK): – Vi går ikkje mot ein fiasko her i Lima, men vi burde ha fått eit endå tydelegare utgangspunkt for kva som skal skje i 2015, fram til det store klimatoppmøtet i Paris. Det seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H)

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) på plass i plenumssalen i ettermiddag, der nytt tekstforslag skal diskuterast.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter ein pause frå klokka 09.30 norsk tid, kom forhandlingane i gang igjen ved 16.30-tida. Utsendingane starta då diskusjonen om det nye forslaget til slutt-tekst. Teksten blei lagt fram etter ein sonderingsrunde som varte i nesten 11 timar. Den blei leia av klima- og miljøminister Tine Sundtoft og kollegaen hennar frå Singapore, Vivian Balakrishnan.

– Vi snakka med representantar frå enkeltland og grupper av land. Vi gjorde kva vi kunne for å skape eit felles grunnlag for ein god prosess fram mot Paris, seier Sundtoft. Det vi opplevde, stadfester at når 190 land skal bli samde, er det komplisert, for interessene er mange.

Det som derimot er gledeleg, er at ingen stiller spørsmål ved om det er nødvendig å redusere utsleppa våre. Den debatten er vi komne forbi, seier ho vidare.

Klima- og miljødepartementets folk på veg inn til forhandlingar

Klima- og miljødepartementets folk på veg inn til forhandlingar på overtid. Fremst går klima- og miljøminister Tine Sundtoft, forhandlingsleiar Aslak Brun hakk i hæl.

Foto: Eivind Molde / NRK

Todelinga av verda eit stort problem

– Kva var det største problemet i konsultasjonane?

– At den gamle todelinga av verda i industriland og utviklingsland framleis heng igjen. Det er usemje om kva landa skal bidra med når utsleppa av klimagassar skal kuttast. Men også utviklingslanda må finne seg i å ta sin del. Alle må bidra. Verda har forandra seg mykje dei siste 20 åra. Mange av dei landa som tradisjonelt er rekna som utviklingsland, har store utslepp.

– Kva er hovudinntrykket ditt etter å ha snakka med alle land?

Hovudinntrykket er at dette ikkje er enkelt. Vi prøvde å utfordre grupperingane på kva dei kan leve med dersom primærstandpunkta ikkje kan innfriast. Det er nødvendig med kompromiss, å sjå kva vi kan leve med. Det er litt frustrerande at mange no ved slutten av forhandlingane framleis viser liten vilje til det.

– Blir Lima fiasko eller suksess?

Konferansen blir ingen fiasko, men vi skulle hatt eit endå tydelegare grunnlag for det som skal skje fram til klimatoppmøtet i Paris. Blant anna skal alle land melde inn kva dei kan bidra med av utsleppskutt. Vi treng klare retningslinjer for korleis dette skal skje og korleis informasjonen frå dei ulike landa skal kunne samanliknast.

Tine Sundtoft har bestemt seg for å bli i Lima til konferansen er slutt. I fjor fekk ho kritikk for å reise heim frå Warszawa før forhandlingane var over.

SISTE NYTT

Siste nytt