NRK Meny
Normal

Uvisst om gruvearbeidarar er i live

Minst fire gruvearbeidarar er sakna etter at ei lita gullgruve rasa saman i Ecuador natt til i dag lokal tid. Det er uklart om dei fire er i live.

Gullgruva i Ecuador der fire arbeidarar er sakna.

Fire arbeidarar er sakna i denne gullgruva i Portovelo i Ecuador.

Foto: EBU

Ulukka skjedde samstundes med at det internasjonale søkjelyset var på den spektakulære berginga av 33 chilenske gruvearbeidarar, som hadde vore to månader fleire hundre meter under jordoverflata.

Ulukka i Portovelo i Ecuador skjedde 150 meter under bakken i den sørlege delen av landet, i eit kystområde ikkje langt frå grensa til Peru.

- Informasjonen vi har er at fire personar er innesperra. Dei arbeidde på nattskiftet, og det er ikkje sikkert at dei er i live. Vi har bede om informasjon frå gruveeigarane, seier talsmann for dei lokale styresmaktene, Angel Camacho.

Ein representant for sivilforsvaret, som vil vere anonym, seier at det er grunn til å tru at dei fire er i live, fordi dei oppheldt seg eit stykke frå der gruva kollapsa. Men redningsarbeidarane har enno ikkje oppnådd kontakt med dei.

Rundt 50 redningsarbeidarar er no i gang med å prøve å kome seg ned til arbeidarane under bakken. Alle fire er frå Ecuador.

Gruveeksperten Jorge Espinosa seier til nyheitsbyrået Reuters at årsaka til ulukka er truleg at det trengde vatn ned i gruva, som er eigd av det lokale selskapet Minesadco.

Redningsmannskap utanfor gruva i Portoveno i Ecuador.

Redningsmannskap samla utanfor gruva i Ecuador der fire er sakna.

Foto: EBU

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt