Hopp til innhold

Uventa nedgang i talet på flyktningar frå Libya

Det kjem færre flyktningar frå Libya til Europa etter at Italia rusta opp den libyske kystvakta. Humanitære organisasjonar fryktar for situasjonen til dei som returnert.

Migrantar går av båten i Libya

Flyktningar kjem opp av ein båt etter å ha blitt redda av den libyske kystvakta utanfor Gharaboli, aust for Tripoli.

Foto: ISMAIL ZITOUNY / Reuters

– Dette er oppsiktsvekkande tal. Normalt er juli ein månad med stor trafikk, fordi det er godt ver i Middelhavsområdet, seier Pål Næsse, seniorrådgivar i Flyktninghjelpen.

Stadig færre migrantar slepp ut av libysk farvatn. Så langt i juli har drygt 9000 migrantar kome til Italia frå Libya. I same periode i fjor kom det nesten 24.000, ifølge tal presentert av den tyske avisa Die Welt.

Italia rustar opp den libyske kystvakta

Årsaka skal vere at Italia rustar opp den libyske kystvakta, både med båtar, kommunikasjonsutstyr og utdanning. No stoppar kystvakta stadig fleire av smuglarindustriens båtar før dei kjem ut av libysk farvatn.

Det er Libyas Tripoli-baserte regjering med Fayez al-Seraj som har bede Italia om hjelp, fortalde Italias statsminister Paolo Gentiloni onsdag. al-Seraj kom til Roma direkte frå Paris, der han hadde inngått ei våpenkvile og planar om val i 2018 med opprørsgeneralen Khalifa Haftar som styrer i Tobruk.

Macron og libyske leiarar

Frankrikes president Emmanuel Macron var meklar då den FN-støtta statsministeren Fayez al-Sarraj møtte opprørsgeneralen Khalifa Haftar på et slott vest for Paris. Her klemmer Macron generalen, medan den franske forsvarsministeren klemmer Sarraj.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

Landet har vore prega av kaos og anarki etter at Muammar Gaddafis regime blei styrta i 2011, og har i dag tre rivaliserande regjeringar og to nasjonalforsamlingar.

Pål Nesse i Flyktninghjelpen

Pål Næsse i Flyktninghjelpen er uroa over Italias press på hjelpeorganisasjonane.

Foto: Mohammed Alayoubi

Og i mangel av ei fungerande statsmakt har menneskesmuglarane stort spelerom.

– Som FN sjølv påpeikar, og som EU eigentleg sjølv påpeikar, er situasjonen i Libya svært uhaldbar. Det er ulike grupper som kontrollerer leirar og fengsel folk blir sende tilbake til – det er grov vald, tortur, slaveri, vilkårleg fengsling, seksuelle overgrep, så det er ein fullstendig uhaldbar situasjon i Libya.

migrantar i eit flyktningssenter i Libya

FN har slått alarm om situasjonen i Libya, spesielt for migrantar som ofte er avhengige av menneskesmuglarane si nåde. Arresterte illegale migrantar i Zawiyah, 45 km vest for Tripoli.

Foto: TAHA JAWASHI / AFP

– Feil å gi naudorganisasjonane skulda

Samtidig legg Italias innanriksminister Marco Minitti press på dei frivillige organisasjonane som driv redningsskip i Middelhavet gjennom eit forslag til eit sett reglar han meiner dei må følge. Blant anna vil Italia ha egne politimenn om bord i desse skipa, og vil at dei skal avstå frå å operere i libysk farvatn.

Sandra Mamani i Sea Watch omtalar dialogen med italienske styresmakter som at dei prøvar å gjere redningsarbeiderane til syndebukkar.

– Italia er akkurat som Hellas åleine i dette, men desse reglane er ein veldig desperat måte å skulde andre for Italias situasjon.

Redningsaksjon utanfor Libya

Dagleg er det fleire redningsorganisasjonar i Middelhavet, utført av både kystvakter og hjelpeorganisasjonar som her; Den spanske organisasjonen Proactiva Open Arms plukkar opp migrantar nord for Sabratha i Libya.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Ho peikar på at fleire av reglane er i strid med havretten og menneskerettskonvensjonen, og at Italia heller må legge press på EU.

Næsse viser også til den manglande støtta frå EU. Han er også uroa for Italias forsøk på å styre hjelpeorganisasjonane.

– No er det jo ikkje sånn at italienarane styrer libysk farvatn. Dersom dei legg press på at andre redningsfartøy ikkje skal operere der, er det ein skummel tendens.

Amnesty demonstrerer på verdas flyktningdag

Amnesty International på verdas flyktningdag i Roma. Italia er eitt av dei landa som tek imot flest flyktningar i Europa. Under flyktningkrisa i 2015 inngjekk EU-landa ei avtale om å relokalisere 160.000 flyktningar for å avlaste land som Italia og Hellas. Idet fristen nærmar seg har berre 24.676 flyktningar blitt relokalisert, og fleire land har nekta. Ungarn og Slovakia har saksøkt EU for å sleppe asylkvotane, men EUs generaladvokat meiner EU-domstolen må avvise saka.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt