NRK Meny
Normal

Uvanleg kraftig orkan på veg til Alaska

Orkanen som no er på veg inn i Beringstredet mellom den amerikanske delstaten Alaska og Russland kan bli den sterkaste som har ramma området sidan 1950-talet.

Vervarslinga for Alaska fredag.

Dette er vêrmeldinga for Alaska fredag.

Foto: Weather.com

Alle som har fått seg med TV-serien «The Deadliest Catch», der blant andre fleire norskætta våghalsar har vore med, har fått med seg at det ikkje er uvanleg med sterk vind og høge bølgjer i desse farvatna.

No er rådet til fiskarar og andre sjøfarande heilt klart. Dei bør kome seg i hamn i god før orkanen slår til i løpet av fredag.

Tyfonen «Nuri»

Satellittbilete av tyfonen "Nuri" 5. november.

Satellittbilete av tyfonen «Nuri» 5. november.

Foto: Jesse Allen / Afp

Det er restane av tyfonen «Nuri», som har herja i områda rundt Japan den siste tida, som no er på veg nordover. Den svært kraftige vinden vil bevege seg oppover langs den russiske stillehavskysten og treffe Alaska og Beringstredet i løpet av fredag, opplyser statsmeteorolog Ani Ager-Wick til NRK.

Her vil restane av tyfonen slå seg saman med andre uvêrsområde og auke i styrke, og kjem truleg til å herje både fredag og laurdag, før det blir rolegare igjen.

Anita Ager-Wick seier at vinden kjem til å bli svært sterk til dette området å vere.

Vermeldinga for Alaska

Store bølgjer

Ein del prognosar frå amerikanske meteorologar viser at trykket kan verte så lågt som frå 920 til 940 millibar laurdag norsk tid, og det er nesten like lågt som ein såkalla supertyfon. I verste fall kan uveret bli det sterkaste lågtrykket som nokon gong er registrert i Alaska eller nærleiken av Alaska, melder nettstaden Mashable.com .

Beringstredet vart ramma av ein sterk storm i november 2011, og amerikanske meteorologar reknar med at vinden denne gongen vil føre til endå større bølgjer i havområdet enn då.

Meir om tyfonen "Nura"

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt