Hopp til innhold

Uvaksinerte får verken fly innanlands eller gå på restaurant

Nye, strenge restriksjonar for uvaksinerte trer i kraft i Italia. Frå måndag kan dei verken gå på restaurant eller ta toget.

Ein mann viser koronapasset sitt før han går om bord på eit tog på Termini togstasjon i Roma.

Ein mann viser fram koronapasset sitt før han går om bord på eit tog på Termini togstasjon i Roma.

Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / Reuters

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På togstasjonen Termini i Roma måtte passasjerar vise fram koronapasset sitt før dei fekk gå om bord på toga i dag.

Passasjeren Giuseppe Critelli støttar tiltaka, og seier til Reuters at dei gir ein ekstra sikkerheit for reisande, lokførarar og konduktørar.

– Eg syns det er eit bra og riktig tiltak på dette tidspunktet, seier Critelli.

Passasjeren Giuseppe Critelli om koronapass

Giuseppe Critelli seier restriksjonane gir sikkerheit for reisande.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters

På måndag trer nye og strengare restriksjonar i kraft for uvaksinerte i Italia.

Fram til 31. mars må alle som vil ete på restaurant, bu på hotell, bruke treningssenter, ta skiheisar, regionale fly, tog, bussar, og ferjer, vise fram koronapass.

Dei som har dette såkalla «Green Pass» har anten fått to eller tre dosar i armen, eller så er dei uvaksinerte som nyleg har hatt korona og vorte friske igjen.

Kø utanfor vaksinesenter

Fleire har stått i kø utanfor vaksinesenteret ved sidan av togstasjonen for å få seg eit stikk i armen i dag, og ein av dei var Paolo Astorri.

– Eg trur at desse restriksjonane er den einaste måten, ikkje for å kontrollere viruset, men for å presse uvaksinerte til å vaksinere seg, seier han og legg til:

– Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg å bli tvinga, men det er den einaste måten.

Paolo Astorri får koronavaksine i Roma, Italia.

Paolo Astorri trur restriksjonane er den einaste måten å få uvaksinerte til å vaksinere seg.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters

Dei nye restriksjonane kom etter at regjeringa gjorde det obligatorisk å ta ei koronavaksine for alle over 50 år, som eit forsøk på å lette presset på helesevesenet og redusere talet på døde. Rundt 86 prosent av alle over 12 år er vaksinert.

Statsminister i Italia, Mario Draghi seier at uvaksinerte er grunnen til helsekrisa i landet, skriv The Guardian.

– Grunnen til problema vi har i dag er uvaksinerte folk. For femtande gang ber eg alle italienarar som ikkje har tatt vaksinen om å gjere det, seier statsministeren.

Smittetilfella har auka i Italia den siste tida, og måndag melde dei om 101.762 nye smittetilfelle.

Folk står i kø for ta koronavaksine dagen då Italia innføre strenge restriksjonar for uvaksinerte.

Fleire har stått i kø for ta koronavaksine same dagen Italia innfører strenge restriksjonar for uvaksinerte.

Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / Reuters

Pave Frans: Det er ei moralsk plikt å vaksinere seg

Det å vaksinere seg mot korona er ei moralsk plikt, sa Pave Frans på måndag.

På same tid fordømde han korleis folk har blitt påverka av «grunnlaus informasjon» og nekta å ta i bruk eit av dei mest effektive tiltaka for å redde liv under pandemien.

Pave Frans

Pave Frans skildra koronavaksine som eit moralsk ansvar då han talte i Roma måndag.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Dette er dei sterkaste orda paven har sagt om vaksinasjon. Fram til no har han unngått denne formuleringa. Snarare har paven brukt uttrykk som at vaksinasjon er ein kjærleikshandling og at det å nekte å ta imot vaksinen er «sjølvmord».

Vaksinepass andre stadar i Europa

Italia er ikkje det einaste landet som nyttar koronapass.

Laurdag innførte Romania nye tiltak. Det vart påbod om å bruke munnbind både inne og ute på offentlege stadar. Utestadar, kinoar og treningssentera må ha færre gjestar, og kan berre sleppe inn folk med koronapass.

Frankrike vil også få på plass eit koronapass. Førre veke vedtok underhuset i den franske nasjonalforsamlinga planen til president Emmanuel Macron om å innføre vaksinepass for å bremse smittespreiinga.

Ifølgje forslaget må alle som vil inn på restaurantar, kino, kulturarrangement eller ta kollektivtransport over lengre distansar, vise vaksinepass.

– Når det gjeld uvaksinerte, ynsker eg verkeleg å plage dei. Og vi kjem til å gjere det til siste slutt. Det er strategien, sa Macron førre veke.

SISTE NYTT

Siste nytt

Denne videoen skal vise en drone fra det ukrainske forsvaret slippe en granat på russiske styrker utenfor Kharkiv.

Slipper håndgranater fra minidroner

Nye videoer viser at små droner utstyrt med lette granater blir brukt i krigen i Ukraina. Disse blir først og fremst brukt som propaganda, mener ekspert Ole Jørgen Maaø fra Luftkrigsskolen.