Hopp til innhold

Studie: Uvæpna svarte amerikanarar døyr oftare i politiskytingar

Amerikanske politifolk skyt tre gongar så mange uvæpna svarte amerikanarar som kvite, målt i forhold til kor mange dei er.

Åsted for politiskyting i Philadelphia i USA 26. oktober 2020

Tre gonger så mange uvæpna svarte menn er skotne og drepne av politiet samanlikna med kvite, målt opp mot gruppas del av befolkninga. Det kjem fram i ein ny studie. Her arbeider politiet på åstaden der svarte Walter Wallace Jr. vart skotne og drepen måndag. Wallace vart skoten etter at han ifølgje politiet nekta å leggje frå seg ein kniv.

Foto: Tom Gralish / AP/NTB

Det kjem fram i ein studie offentleggjort i Journal of Epidemiology and Community Health onsdag, om det forskarane kallar ei «krise for folkehelsa».

Funna blir lagde fram medan USA framleis er prega av omfattande protestar mot rasisme og politivald, som starta etter drapet på George Floyd i mai.

Demonstrasjon for Jacob Blake i New York

KENOSHA: Over heile USA var det protestar etter at Jacob Blake, ein uvæpna svart mann, vart skoten sju gongar i ryggen i Kenosha i Wisconsin i august i år. Blake overlevde. Dette bildet er frå en demonstrasjon i New York.

Foto: Timothy A. Clary / AFP/NTB

Forskarar frå tre universitet har analysert statistikk om personar som har vorte skotne og drepne av politiet mellom 2015 og 2020. Statistikken kjem frå nyheitsartiklar og organisasjonar, og er utarbeidd av The Washington Post.

Drepne 2,5–3 gongar oftare enn kvite

I løpet av dei fem åra døydde 5367 menneske av skot frå politiet. I dei 4653 dødsfalla der informasjonsgrunnlaget var godt nok, fann forskarane at 51 prosent av dei døde var kvite, 27 prosent svarte, medan 19 prosent hadde latinamerikansk bakgrunn. Urfolksgrupper og folk med asiatisk opphav stod for 2 prosent kvar.

Målt opp mot kor stor del av befolkninga dei ulike gruppene utgjer, vart folk med urfolksopphav skotne og drepne tre gongar så ofte som kvite. For svarte var talet 2,5 gongar.

Endå verre for uvæpna

I 16 prosent av skyteepisodane med dødeleg utfall var offera uvæpna. Blant desse vart svarte menneske skotne og drepne 3,18 gongar så ofte som kvite.

Forskarane erkjenner at studien har enkelte svakheiter, spesielt at statistikken baserer seg på nyheitsartiklar og at ein derfor kan ha gått glipp av mange hendingar.

Episodar der personar har mista livet i varetekta til politiet, men utan at skot har vorte losna, er heller ikkje medrekna. Det gjeld til dømes i drapet på George Floyd.

Ein oversikt frå nettsida Mappingpoliceviolence.org viser at over 1000 menneske kvart år vert drepne av politiet i USA. Også på denne statistikken er svarte sterkt overrepresenterte.

Videoen som startet opptøyene viser at politimannen kneler på avdøde George Floyds nakke.

MINNEAPOLIS: Videoen som starta opptøyane viser at politimannen kneler på nakken til avdøde George Floyd.

SISTE NYTT

Siste nytt