NRK Meny
Normal

Utvidar Libya-operasjonen med 90 dagar

NATO blir verande i Libya i ytterlegare tre månader, opplyser forsvarsalliansen onsdag.

LIBYA-CONFLICT -

Ein opprørssoldat sjekkar våpenet sitt ved byen Bani Walid, kor NATO har oppfordra familiar til å forlate området.

Foto: LEON NEAL / Afp

Dei internasjonale styrkane skal halda fram med å støtta dei nye leiarane i Libya sin kamp mot Gaddafi-lojale i 90 dagar til, har NATO bestemt.

Avgjerda om å utvida operasjonen vart teken under eit møte mellom ambassadørane til dei 28 NATO-landa i Brussel i dag, fortel ei ikkje-namngjeven diplomatkjelde til Reuters.

Mandatet for operasjonane ville gått ut 27. september dersom det ikkje hadde blitt utvida.

– Me er veldig klare på at me er i slutten av det gamle regimet sin moglegheit til å truge sivile, sa ein diplomat i NATO til Reuters..

– Men alle har vore samla bak ideen om at me treng å halde fram med operasjonen så lenge sivile er under trugsel frå kampar på bakken.

Dette er den andre utvidinga av NATO-operasjonen i Libya, som starta den 31.mars, etter at alliansen fekk FN-mandat til å handheva ein våpenboikott og eit flyforbod over landet.

Avgjersla kjem ein dag etter at NATO-leiar Anders Fogh Rasmussen var i FN-toppmøte saman med statsleiarane for dei involverte landa, og med overgangsrådet i Libya.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt