Hopp til innhold

Utfordrar iranarar til å vise sitt sanne ansikt

Unge iranarar viser bilete i sosiale medium av korleis dei eigentleg ser ut – side om side med uttrykkslause passbilete i svart/kvitt.

Unge iranarar som legg ut bilete

PUBLISERER PRIVATE BILETE: Kontrastane er store mellom dei standardiserte passbileta og unge iranarar sine eigne bilete, vist i ein ny populær kampanje på Instagram.

Foto: Instagram

Hundrevis av unge iranarar har den siste veka slutta seg til den såkalla «KarteMeliChallenge» (ID-kort-utfordringa), trass i at takhøgda for å publisere private bilete på nettet er låg i det autoritære regimet, skriv BBC.

Kampanjen kjem på initiativ frå same kvinna som sette i gang ein kampanje der ho oppfordra iranske kvinner til å legge ut bilete utan hijab, eit plagg som har vore påbode i den islamske republikken sidan revolusjonen i 1979.

– Folk er sjeldan nøgde med passbileta sine. Difor synest eg dette kunne vere ei interessant kampanje, seier kvinna, som vil vere anonym, til nettstaden IranWire.

Strenge retningslinjer for passbilete

To sider på den sosiale biletdelingstenesta Instagram oppfordrar dei til å legge ut bilete som står i kontrast til dei strengt utforma passbileta, og som heller uttrykker kven dei eigentleg er.

Passbileta vert ofte feilproporsjonerte, og ansiktsforma er difor ofte ulik den verkelege. I tillegg er det strenge krav til både menn og kvinner; Kvinner skal ha hijab som dekker hovudet godt og ingen sminke eller smykke. Menn får beskjed om at hattar, briller, slips, smykke eller styla hår er forbode.

– Kan også kallast «før og etter»-bilete

Bileta har også fått mange kritiske kommentarar, spesielt retta mot dei som har teke plastisk kirurgi – kommentarane om «før og etter»-bilete sit laust.

– Kvinnene som har mykje sminke eller som har teke plastisk kirurgi vert oftast kritisert, seier initiativtakaren.

Stadig fleire legg seg under kniven i det konservative landet. Ifølge statistikk frå Iran vert det gjort 80 000 naseoperasjonar kvart år i landet, og i tillegg kjem den store uautoriserte industrien ifølge al-Monitor.

SISTE NYTT

Siste nytt