Hopp til innhold

Utanlandske oppkjøp driv husprisane i veret

Utanlandske investorar eig rundt halvparten av alle eigedomar i sentrum av London. Prisveksten er utan sidestykke, og vanlege folk flyttar ut av byen fordi dei ikkje har råd til å bu der.

Bustadblokk under bygging i London.

Bustadmarknaden i London opplever ein enorm prisvekst. No varslar borgarmeisteren ei omfattande gransking av utanlandske investorar si rolle.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / Afp

Borgarmeister Sadiq Khan (Labour) likar ikkje utviklinga. I eit intervju med avisa The Guardian varslar han den grundigaste undersøkinga om denne utviklinga nokon gong. Han seier at mange er urolege for den kraftige auken i utanlandske bustadkjøp i den britiske hovudstaden

– Med denne grundige undersøkinga vil vi for første gong få ei skikkeleg oversikt over kor alvorleg dette problemet er. Vi må lære meir om dei ulike rollene utanlandske pengar spelar i bustadmarknaden i London. No må vi sjå kva vi kan gjere for å skaffe folk frå London ein stad å bu, seier han i intervjuet.

Kinesiske pengar

Borgarmeister Sadiq Khan i London.

Sadiq Khan er skeptisk til utviklinga på bustadmarknaden i London.

Foto: OLI SCARFF / Afp

London har i lang vore ein attraktiv for investeringar i eigedom, også blant utlendingar. Store mengder arabiske oljepengar er investerte i eigedom i byen, men no er det kinesarane som er den raskast veksande gruppa.

Det blir stadig fleire kinesarar med pengar. Ekspertar ventar at kinesiske investorar vil auke sine eigedomsinvesteringar i utlandet til 1600 milliardar kroner i løpet av det neste tiåret.

Charles Pittar, toppsjef i Juwai.com, ei nettside som knyt kontakt med kinesiske investorar og eigedomsutviklarar i utlandet, seier til The Guardian at han ventar ein kraftig auke i kinesiske investeringar i Storbritannia.

Han viser til at det er 168 byar i Kina med eit innbyggjartal på over ein million. Stadig fleire av innbyggjarane har mykje pengar å investere.

Sjekk bustadprisane i London her

Flyttar ut av byen

Eigedomsutviklaren Victor Li i selskapet Cheung Kong.

Den Hongkong-baserte eigedomsutviklaren Victor Li trur kinesarar vil satse endå meir pengar i eigedomsmarknaden i utlandet i åra som kjem.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

Eigedomsutviklaren Victor Li trur også på ein kraftig auke i kinesiske investeringar.

– Dette er berre starten. Den kinesiske marknaden er enorm, og dei blir berre rikare og rikare, seier han.

Stadig fleire vanlege menneske har ikkje lenger råd til å bu i London. Den store utanlandske interessa driv prisane opp, dei auka prisane gjer at eigedomar blir endå meir attraktive for folk med pengar, og slik held det fram.

Tidlegare i år fortalde The Guardian om ei ny 50 etasjars bustadblokk med 214 luksushusvære i bydelen Vauxhall like ved Themsen. Det kom fram at 60 prosent av husværa var eigde av utlendingar.

Ein firedel var eigde av selskap med adresser i ulike skatteparadis rundt om i verda, og mange av husværa stod tomme.

Frykter at brexit kan vippe London av finanstronen

Vil ha betre kontroll

Jeremy Corbyn held landsmøtetale.

Labour-leiar Jeremy Corbyn meiner det er heilt naudsynt å gjere noko drastisk for at vanlege folk i Storbritannia skal ha råd til ein bustad.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Borgarmeister Sadiq Khan vil ha betre kontroll med dei selskapa som investerer pengar i byen.

– Innbyggjarane i London treng ei forsikring om at ikkje svarte pengar skal fløyme over bustadmarknaden. Vi må få meir openheit om selskapa som investerer her, seier han.

No merkar også andre britiske storbyar den store utanlandske interessa for eigedomar. Både Manchester, Liverpool og Birmingham blir karakteriserte som «hotspots» for utanlandske investorar.

Partileiaren i Labour, Jeremy Corbyn, sa i landsmøtetalen sin tidlegare denne veka at det er naudsynt med tiltak for at vanlege menneske skal ha råd til å skaffe seg ein skikkeleg bustad.

SISTE NYTT

Siste nytt