NRK Meny
Normal

- Jente (2) drepen på flukt

Amatørbilete frå Syria viser krigen sitt brutale andlet: ein blodig 2-åring, skoten og drepen medan ho var på flukt.

Jente drepen i Latakia, Syria

Uskuldige born utgjer ein stor del av ofra i væpna konflikter. Også i Syria har mange mista borna sine på grufullt vis sidan opprøret mot regimet starta i mars.

Foto: Montasje / Scanpix / Reuters

Ungjenta O`laa Jablawi ligg livlaus og blodig på den støvete bakken. Ei kule har trengt inn det vesle hovudet, og på grufullt vis gjort ende på eit liv som så vidt hadde begynt.

Av alle som er drepne i væpna konflikter etter 1945, er heile 90 prosent sivile. Halvparten av dei drepne er born, ifølgje FNs hjelpeorganisasjon for born, UNICEF. Syria er ikkje noko unnatak.

Drepen på flukt

Minst 2200 menneske har mista livet sidan opprøret i det arabiske landet braut ut i mars. Ifølgje fleire menneskerettsgrupper er minst 1800 av desse sivile, og mange av krigsofra er born.

Ein av dei er toåringen Jablawi. Saman med foreldra sine var jenta på flukt frå krigsherjingane i byen Latakia førre fredag. Opprørskjelder seier til CNN at familien måtte rømma då regjeringsstyrkar opna eld i nabolaget al-Ramel, eit senter for regimefiendtlege demonstrasjonar.

Ifølgje kjeldene vart Jablawi drepen av regjeringssoldatane. Far hennar vart skoten i skuldra og truleg arrestert. Mora sin lagnad er ukjend.

Utanlandske organisasjonar og medieaktørar er nekta adgang til den arabiske staten. Biletmaterialet som lek ut på internett er amatørvideoar og stillbileta er tekne av privatpersonar. Det er difor vanskeleg å stadfesta autentisiteten på dette.

Men uansett kven som avfyrte det dødelege prosjektilet, så vart ungjenta eitt av mange uskuldige offer i skotvekslinga mellom folket som kjempar for reformer og fridom og regimet som vil halda på makta.

Den to år gamle jenta O`laa Jablawi drepen i Syria

Bilete av det som skal vera liket av den to år gamle jenta O`laa Jablawi. Mange uskuldige born lir som følgje av væpna konflikter.

Foto: CNN

– Han drap henne

Bilete frå ein amatørvideo som er lagt ut på internett, viser ein liten, kvit og forsvarslaus barnekropp omkrinsa av blodflekkar. Dei mørke krøllene på hovudet til Jablawi er klissete av blodet frå såret.

– Ho er berre eit barn. Han drap henne, den onde Bashar al-Assad (presidenten journ.anm.), seier ein fortvila stemme på amatørvideoopptaket.

Ein annan video viser det som skal vera liket av den same jenta, utan blodflekkane og sveipt inn i eit kvitt liklaken. Ein person opnar kledet for å visa bandasjen over skotsåret som tok livet av Jablawi.

– Sjå, dette er Bashar al-Assad sine reformer, seier stemmen.

Opplysningane er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. Styresmaktene nektar for å ha noko med drapet på Jablawi å gjera.

Regimet har, via det statlege nyheitsbyrået SANA, avvist skuldingane, og seier styrkane jakta på væpna menn som hadde opna eld mot innbyggjarane i Latakia.

Åtak mot Latakia, Syria

Syriske styrkar har den siste tida gått hardt til verks for å slå ned på opprøret i den syriske hamnebyen Latakia. Mange uskuldige born og sivile hamnar midt i krysselden i den blodige konflikten.

Foto: - / Afp

Uroa over barnedrap

I løpet av dei fire siste dagane har minst 35 menneske mista livet i den syriske byen Latakia. President Bashar al-Assad har trappa kraftig opp åtaka i hamnebyen, som ligg rundt 250 kilometer nordvest for hovudstaden Damaskus.

Både stridsvogner, bakketroppar, skarpskyttarar og krigsskip skal vera sette inn for å få bukt med opprøret. Ifølgje FNs organ for palestinske flyktningar (UNRWA) måtte 5000 menneske forlata ein flyktningleir i hui og hast.

Syriske styrkar skal også ha storma den sørlege byen Deraa, fleire av landsbyane i nordvest og Hama, som i 1982 blei utsett for ein militær massakre medan faren til den noverande presidenten regjerte.

UNICEF, ber Syria innstendig om å skåna dei sivile, særleg kvinner og born, etter rapportar om drap på fleire born og unge.

«UNICEF kan ikkje verifisera tilfella og hendingane som er rapporterte inn. Me er likevel uroa over videobilete av vilkårlege born som vert arresterte og torturerte medan dei sit fengsla, i nokre tilfelle med døden til følgje», heiter det i ei kunngjering frå organisasjonen.

Ber om hastemøte i FN

Fleire statsoverhovud og menneskerettsorganisasjonar fordømmer valden som syriske styresmakter utøver mot sitt eige folk.

Ein europeisk diplomat seier onsdag til nyheitsbyrået AFP at 16 land har gått saman om å be FN kalla inn alle medlemslanda til hastemøte for å diskutera den stadig meir alvorlege situasjonen i Syria.

Verdssamfunnet har lagt press på Syria for å gje humanitære hjelpearbeidarar og media innpass, men Syria er framleis eit lukka land.

Presidenten al-Assad kom i mars med lovnader om reformer for å prøva å dempa folket sitt rop om demokrati og fridom, men har deretter vore taus. Al-Assad meiner eit fåtal urokråker står bak kaoset som har herja landet i snart eit halvt år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt