USAs visepresident Joe Biden avviser presidentkandidatur

USAs visepresident seier han ikkje vil stille som presidentkandidat. Hillary Clinton er dermed storfavoritt til å bli Demokratane sin kandidat framfor presidentvalet neste år.

US-POLITICS-BIDEN-OBAMA

Joe Biden sa i dag at han ikkje stiller til val neste år. Barack Obama stod ved Biden side under pressekonferansen.

Foto: JIM WATSON / Afp

Det har lenge vore knytt spenning til om USAs visepresident Joe Biden vil lansere sitt presidentkandidatur, og dermed bli Hillary Clintons konkurrent i kampen om å bli det demokratiske partiet sin presidentkandidat.

Sonens død pregar framleis Biden

På ein pressekonferanse i Washington i dag gjorde han det klart at han har bestemt seg for å ikkje delta i presidentvalkampen. President Barack Obama var til stades på den hasteinnkalla pressekonferansen.

– Tida er ute for å melde seg på nominasjonskampen, sa 72 år gamle Biden til den frammøtte pressa.

Biden brukte tid på å snakke om familien, og særskild om sonens dødsfall. Bidens eldste son Beau døde av hjernekreft i mai, 46 år gamal. Like før han døde skal han ha oppfordra far sin til å stille som presidentkandidat.

Men visepresidenten har ikkje lagt skjul på at han stadig er i sorg, og ikkje var sikker på om han ville orke å stille opp i ein utmattande valkamp. 72 år gamle Biden ville også ha blitt ein av USAs eldste presidentkandidatar.

– Kjem ikkje til å tie

Visepresidenten gjorde det klart at han ikkje kjem til å tie stilt under valkampen, og at han vil vere aktiv i debatten fram mot valet, sjølv om han ikkje stiller til val sjølv.

– Eg har intensjonar om å snakke klart og høgt for å påverke så mykje som mogleg om kor me står som parti, og kva retning me bør ta som nasjon, sa Biden.

Han tok mellom anna til orde for 16 år gratis skulegang, og ikkje berre 12 år. Han meinte også at den kommande valkampen bør handle om å hjelpe USAs middelklasse.

Kom til kort i 1998 og 2008

Han snakka også om USA si rolle i verda.

– USA må innsjå at me ikkje kan løyse alle problema i verda åleine, sa visepresidenten.

Biden har to mislukka forsøk bak seg på å bli velt inn i Det kvite hus. Han kom til kort både i 1988 og i 2008, men etter det siste forsøket enda han opp som Barack Obamas visepresidentkandidat.

Mange har meint han ville ha hatt gode sjansar i neste års valkamp fordi han er autentisk, og er kjent for å snakke rett frå levra.

I august skreiv New York Times at han ville lansere sitt kandidatur. Det skjedde altså ikkje.

Berre fire kandidatar på demokratisk side

Om han derimot skulla ha stilt som kandidat, så ville det vore særs vanskeleg å stable på beina milliardane og menneska som trengst til ein valkamp på eit så seint tidspunkt.

No er det berre fire kandidatar att på demokratisk side etter at tidlegare senator Jim Webb trakk seg i går.

Hillary Clinton leiar an i feltet framfor Vermonts sosialdemokratiske senator Bernie Sanders. Marylands tidlegare guvernør Martin O'Malley, og tidlegare senator og guvernør frå Rhode Island Lincoln Chafee er dei andre to.

SISTE NYTT

Siste nytt

Blinken om forhandlinger: – Kommet til kritisk øyeblikk

Forhandlingene mellom USA og Russland om Ukraina-konflikten er nå i gang i Genève. Dette kan være siste mulighet til å finne en fredelig løsning.