Mange vart overraska då Donald Trump vedtok å trekke amerikanske styrkar ut av Syria. 2000 amerikanarar skal ut av Syria, og den amerikanske bakkeoffensiven mot IS skal avsluttast.
Amerikanske styrkar har vore sterkt til stades i Manbij tidlegare og støtta den kurdiske YPG-militsen. No skal dei ut av Syria, og då trugar Tyrkia med ein ny offensiv.
Foto: Hussein Malla / APEi viktig brikke i denne offensiven mot IS har vore den kurdiske YPG-militsen, og dei er no i villreie for kva som skjer når dei amerikanske styrkane er heilt ute av Syria.
- LES OGSÅ:
Tyrkia nøgde med USA
Samarbeidet mellom den kurdiske militsen og USA forverra amerikanarane sitt forhold til NATO-allierte Tyrkia. Tyrkia ser på YPG-militsen som ein terrororganisasjon, og meiner militsen har tette band til det kurdiske PKK-partiet som er forbode i Tyrkia.
Donald Trump og Tayyip Erdogan under NATO-toppmøte. Den tyrkiske presidenten seier seg nøgd med avgjersla til den amerikanske presidenten om å trekke seg ut av Syria.
Foto: Tatyana Zenkovich / APMen etter at Donald Trump vedtok å trekke sine soldatar ut av Syria har lovorda frå Tyrkia vore langt fleire enn tidlegare. Tyrkias president Tayyip Erdogan har dei siste dagane gjenteke sin bodskap om at Tyrkia skal sende ein ny offensiv inn i Nord-Syria for å stanse den kurdiske militsen.
– Dei neste månadene kjem me til å ta sikte på å fjerne den kurdiske YPG-militsen og IS i Syria, sa den tyrkiske presidenten på ein pressekonferanse førre fredag.
Donald Trump skreiv på si side på Twitter at hans tyrkiske kollega har sagt at Tyrkia vil bidra til å «utrydde alt som er igjen av IS inne i Syria». Han skreiv ikkje noko om YPG-militsen som USA har samarbeida med for å stanse IS.
Russland nøgde med Syria
Syrias president, Bashar al-Assad, sender no hjelp til kurdiske styrker som førebur seg på ein offensiv frå Tyrkia.
Foto: - / AFPYPG-militsen som har kontroll på deler av Nord-Syria har sett seg nøydde til å søke hjelp frå Syria, og Bashar al Assads styrkar kom i dag fram til den nord-syriske byen Manbij.
Tanken er at dei syriske styrkane skal bidra til å førebyggje ein mogleg tyrkisk offensiv i Nord-Syria. Den nye omdreiinga i den syriske konflikten gjev Bashar al-Assad moglegheita til å skaffe seg kontroll over delar av Syria kor den syriske hæren ikkje har hatt kontroll fram til i dag.
Russland, som er ein viktig alliert til Assad-regimet i Syria, seier seg i dag godt nøgde med bidraget frå Syria.
– Dette er eit positivt skritt som kan bidra til å stabilisere situasjonen, seier Vladimir Putins talsperson Dmitrij Peskov.
Frykt for auka uro
Det er fleire som fryktar at den urolege regionen kan destabiliserast på ny når USA er heilt ute av Syria, og det er venta at Tyrkia vil skaffe seg meir kontroll aust for Tyrkia.
I tillegg er det venta at spenninga mellom Syria og Tyrkia vil auke, noko som vert understreka ved at syriske styrker no tek seg inn i Manbij.
Frankrike har derimot sagt at dei vil bli verande i Syria og fortsette å støtte offensiven mot IS, sjølv om USA trekk seg ut. Tyrkia har åtvara franskmennene mot å støtte YPG-militsen.
– Dersom Frankrike ønskjer å bidra til Syrias framtid, så er det flott. Men om dei akter å gjere dette ved å beskytte militsen, så vil ikkje det tene nokon, sa Tyrkias utanriksminister tidlegare denne veka.