Hopp til innhold

USAs tidlegare førstedame Nancy Reagan er død

Den tidlegare skodespelaren og enka etter tidlegare president Ronald Reagan vart 94 år gammal, seier eit nært familiemedlem til Reuters.

NANCY REAGAN

Nancy Reagan var ei engasjert førstedame. Mest kjend for kampen mot narkotika, men ho hadde også ei rekke andre hjartesaker, bl.a. krigsveteranar si velferd.

Foto: KEVIN WOLF / Ap

94-åringen hadde hatt dårleg helse ei tid og døydde av hjertesvikt heime i Los Angeles, seier Reagan-biblioteket.

Reagan var engasjert både i tida som førstedame og etter, og er kanskje mest kjend for kampen mot narkotika og sin «Just say no»-kampanje. Ho var som sin mann ikkje ukontroversiell, men ho vart også kåra til ein av USAs mest beundra kvinner.

Reagan fekk bl.a. krass kritikk då ho pussa opp Det kvite hus for store summar samstundes som landets økonomi sleit, og for at ho skal ha brukt astrologi i oppsettet av presidentens timeplan, skriv CBS News.

Reagan vart fødd som Anne Frances Robbins i 1921 i New York, og hadde ei karriere som skodespelar i 1940- og 50-åra. Ho møtte sin framtidige mann Ronald Reagan, som også var skodespelar før han gav seg i kast med politikk, i skodespelarforbunder Screen Actors Guild.

Paret gifta seg i 1952, og var med dette førstedame under hans presidentperiode frå 1981 til 1989. Ekteskapet deira skal ha vorte kalla den største kjærleikshistoria blant USAs presidentpar ifølge BBC. Dei var gift fram til han døydde i 2004. Saman fekk dei to born.

Då Ronald Reagan i 1994 fekk diagnosen Alzheimers sjukdom, oppretta det tidlegare presidentparet forskingsinstituttet the Ronald and Nancy Reagan Research Institute. Ho vart ein forkjempar for forsking på stamceller i kampen mot Alzheimers, og kom difor på kant med det republikanske partiet.

Likevel blei verande ho trufast medlem av partiet, og var med i fleire presidentkampanjar etter at mannen hennar gjekk bort.

SISTE NYTT

Siste nytt