Hopp til innhold

USA: Zika-smitte via seksuell kontakt

Helsestyresmaktene i Dallas i Texas opplyser at dei har registrert eit tilfelle av zika, der smitta er overført via seksuell kontakt.

HEALTH-ZIKA/GUATEMALA A sterile female Aedes aegypti mosquito is seen in a research area to prevent the spread of Zika virus and other mosquito-borne diseases, at the entomology department of the Ministry of Public Health, in Guatemala City

Zikaviruset blir i hovudsak spreidd via myggen Aedes aegypti, men det ser no ut til at det også smittar ved seksuell kontakt.

Foto: JOSUE DECAVELE / Reuters

Det er ikkje noko som tyder på at nokon har blitt smitta direkte av mygg i delstaten Texas, blir det opplyst. Dei lokale helsestyresmaktene seier at føderale Center for Disease Control and Prevention (CDC) har stadfesta at smitta har skjedd gjennom seksuell kontakt.

CDC seier sjølv at dei ikkje har undersøkt korleis smitten vart overført.

– Pasienten vart smitta med viruset etter å ha hatt seksuell kontakt med ein person som har kome heim frå eit besøk i eit land med zika-utbrot, heiter det i ei fråsegn frå Dallas County Health and Human Services.

Fare for fosterskade

Det er først og fremst faren for fosterskade hos gravide som blir smitta med zika, som har uroa Verdas helseorganisasjon (WHO). Viruset, som blir spreidd via mygg, er i utgangspunktet ikkje farleg for andre. WHO har tidlegare sagt at dei ikkje kunne sjå bort frå at viruset kan spreie seg gjennom blod og sæd.

Det er inga vaksine mot viruset, som høgst sannsynleg fører til alvorleg hjernesjukdom hos ufødde born. Det gjeld sjukdomen mikrokefali, som gjer at borna blir fødde med altfor liten hjerneskalle.

Viruset gir som regel berre lette symptom, som kan minne om vanleg forkjøling. Ekspertar reknar med at 80 prosent av dei som har viruset i kroppen ikkje er klare over det sjølve.

Her er alt du treng å vite om zika-viruset

Eksplosiv fart

WHO har gjort det klart at zikaepidemien spreier seg med eksplosiv fart i Sør-Amerika, og norske helsestyresmakter har åtvara gravide kvinner om å reise til Sør- og Mellom-Amerika. Den internasjonale helseorganisasjonen meiner at epidemien er ei internasjonal krise .

Brasilianske forskarar trur at zikaviruset er årsaka til hjerneskadar hos 3700 nyfødde i landet. I nabolandet Colombia er over 20.000 smitta av viruset, og over 2000 av dei er gravide kvinner.

Det vil truleg ta fleire år før ein zika-vaksine er klar .

SISTE NYTT

Siste nytt