Adnan Garaar er mistenkt for å ha planlagt terrorangrepet på kjøpesenteret Westgate i Nairobi i Kenya i 2013, der
. Angrepet mot Garaar vart utført med ein Predator-drone væpna med missil av typen Hellfire, ifølgje CBS News.Angrepet skjedde i ein stad i det sørlege Somalia sist torsdag. I landsbyen Abaq Xaluul nær byen Dinsoor rapporterte lokale innbyggjarar at tre Al Shabaab-krigarar var drepne i eit droneangrep rundt soloppgang.
– Kraftig eksplosjon
Kjøpesenteret Westgate i Nairobi vart ramma av eit terrorangrep i september 2013.
Foto: James Wachira / NRKDinsoor ligg 240 kilometer vest for hovudstaden Mogadishu.
– Eg var i utkanten av Abaq Xaluul då ein bil køyrde forbi meg. Like etter høyrde eg ein kraftig eksplosjon bak meg. Eg såg bilen og dei tre mennene om bord fullstendig utbrende, og kort tid etter kom det fleire bilar med Al Shabaab-krigarar til staden, sa Hussein Nur på telefon til Reuters sist fredag.
I ei fråsegn frå Pentagon heiter det at Garaars død er eit nytt hardt slag for terrororganisasjonen Al Shabaab i Somalia.
Etter angrepet gjekk USAs ambassade i Nairobi ut og åtvara amerikanske statsborgarar i Kenya om fare for moglege hemnangrep frå Al Shabaab. Al Shabaab har ikkje kommentert meldinga.
– Hjernen bak Westgate
I fjor vart Al Shabaab-leiaren Ahmed Godane drepen i eit amerikansk droneangrep. Sist månad vart Yusef Dheeq drepen også drepen i eit droneangrep, han var også mistenkt for å ha planlagt fleire angrep i Somalia og i nabolanda.
Adnan Garaar er altså mistenkt for å vere hjernen bak angrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi.