Hopp til innhold

USA vil snakke direkte med Iran

USAs nye FN-ambassadør seier at USA vil forhandle direkte med Iran om landet sitt atomprogram.

USAs nye FN-ambassadør Susan Rice

USAs nye FN-ambassadør Susan Rice.

Foto: MIKE SEGAR / REUTERS

Susan Rice gjorde det klart at det iranske atomprogrammet har høgste prioritet for den nye amerikanske administrasjonen, og at USA er innstilt på direkte forhandlingar.

- Vi ser fram til eit intenst diplomati i denne saka, inkludert direkte kontakt, sa Rice etter eit 45 minutt langt lukka møte med FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

Susan Rice og Ban Ki-moon

Susan Rice saman med FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

Foto: BEBETO MATTHEWS / AP

Ho åtvara samstundes Iran om at presset mot landet vil auke, dersom dei ikkje sluttar å opprike uran. Opprika uran er naudsynt for å kunne utvikle atomvåpen.

Talsmann for Det kvite hus, Robert Gibbs, sa seinare at USA vil nytte alle krefter landet har til å setje fokus på det iranske atomprogrammet.

Han sa også at den nye FN-ambassadøren ikkje har varsla eit nytt diplomatisk initiativ overfor Iran, men at ho berre har teke opp igjen fråsegner frå Barack Obama under valkampen om at det kan bli aktuelt å snakke med Iran direkte.

Aministrasjonen til George W. Bush hadde ikkje direkte kontakt med Iran. USA , EU og andre vestlege land, samt Israel, skuldar Iran for å ha eit skjult atomvåpenprogram.

Iran seier på si side at atomprogrammet til landet berre er til sivilt bruk.

SISTE NYTT

Siste nytt