NRK Meny
Normal

USA vil framleis flyge over alt i Syria

USA vil halde fram med å flyge over alt i Syria, trass i russiske truslar om å skyte ned amerikanske fly som opererer vest for elva Eufrat, seier ein talsmann for den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot IS i Syria.

Amerikansk Super Hornet.

Eit amerikansk Super Hornet-fly over Middelhavet. USA vil framleis operere over heile Syria, trass i russiske truslar.

Foto: Handout / Reuters

Talsmannen, oberst Ryan Dillon, seier til nettmagasinet Foreign Policy i dag at USA ikkje har tenkt å endre måte landet opererer i Syria på. Han tek opp att at nedskytinga av eit syrisk fly i går var heilt i tråd med internasjonal lov.

– Alle luftoperasjonar har gått som vanleg måndag, seier han blant anna.

– Vil ta opp igjen samarbeid

USAs forsvarssjef Joe Dunford.

– USA vil arbeide for ei oppattaking av det militære samarbeidet med Russland i Syria, seier forsvarssjef Joe Dunford.

Foto: Mark Wilson / AFP

Samstundes seier USAs forsvarssjef Joe Dunford at USA ynskjer å ta opp igjen det militære samarbeidet med Russland, etter at landet skaut ned det syrisk kampflyet, ein russiskbygd SU-22, i går.

Dunford seier dette etter at Russland i dag trua med å skyte ned alle fly frå den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot IS i Syria, som kjem inn i luftrommet vests for elva Eufrat.

Russland har gjort det klart at dei stansar samarbeidsavtalen med USA frå 2015, som vart inngått for å hindre trefningar mellom russiske og USA-leidde styrkar i syrisk luftrom.

Også ein talsmann for Det kvite hus seier i kveld at USA vil prøve å få opp igjen det militære samarbeidet med Russland i Syria, men at dei også vil bruke retten til sjølvforsvar.

– Diplomatisk og militært

– Vi kjem til å jobbe diplomatisk og militært i dei komande timane for at kommunikasjonskanalen skal opp og stå igjen. Denne kanalen har vore avgjerande for å beskytte både russiske og amerikanske styrkar i Syria, sa Dunford blant anna.

Han la til at kanalen har vore i bruk også etter at forsvarsdepartementet i Moskva i går kunngjorde at dei ville slutta å bruke han.

Theresa May.

Storbritannias statsminister Theresa May ber om at samarbeidet mellom USA og Russland i Syria blir teke opp igjen.

Foto: Philip Toscano / AFP

Storbritannias statsminister Theresa May bad i dag Russland om ikkje å avslutte samarbeidet med den USA-leidde koalisjonen. Ho presiserte at det er svært viktig med slike tiltak for nå hindre misforståingar i det som har vorte eit mykje trafikkert luftrom.

– Svært alvorleg situasjon

Hovudlærar i strategi og doktrine ved Forsvarets stabsskule, Thomas Slensvik, seier til NRK at situasjonen som har oppstått er svært alvorleg , og at det nesten er umogleg å seie kva som kan kome til å skjer dersom Russland vel å skyte ned eit fly frå koalisjonen.

Han trur likevel at begge partar er interesserte i å roe ned situasjonen i staden for å trappe opp.

Ein FN-talsmann seier i kveld at organisasjonen er sterkt uroa over situasjonen etter nedskytinga av det syriske flyet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt