Hopp til innhold

USA utviser cubanske diplomatar

15 diplomatar på den cubanske ambassaden i Washington D.C. må forlate landet innan sju dagar. USA meiner Cuba ikkje har gjort nok for å trygge amerikanske diplomatar i Havanna.

Cubansk ambassade Washington

UTVIST: USA har lagt fram ei liste med namn på 15 cubanske diplomatar, som får sju dagar på seg til å forlate landet.

Foto: Carlos Barria / Reuters

– Avgjerda kjem etter at Cuba ikkje klarte å sikre at diplomatane våre er trygge, i samsvar med Wien-konvensjonen, seier USAs utanriksminister Rex Tillerson i ei fråsegn, melder AFP.

Det han refererer til, er dei mystiske helseplagene som 22 tidlegare tilsette ved USAs ambassade i Havanna har fått påvist.

Dei hevdar å ha blitt utsette for høgfrekvente og smertefulle lydar, både på ambassaden og i heimane sine. Dette skal ha ført varige høyrselsskade, kraftig hovudverk, balanseforstyrring og lettare hjerneskade.

Cuba nektar

Bruno Rodríguez Parrilla

AVVISER: Cubas utanriksminister Bruno Rodríguez Parrilla seier at landet aldri ville stått bak eit slikt åtak, som amerikanske diplomatar hevdar at dei er utsette for.

Foto: Richard Drew / AP

Kva som har forårsaka dei uforklarlege helseplagene er framleis eit mysterium. Cubanske styresmakter nektar for at dei har noko med dette å gjere.

– Cuba har aldri stått bak, og vil aldri utføre slike handlingar, sa den cubanske utanriksministeren Bruno Rodríguez Parrilla, då han talte i hovudforsamlinga i FN førre månad.

Parrilla meiner at det ikkje finst noko bevis for at helseskadane til diplomatane kjem av eit lydåtak.

Burde passa betre på

USA skuldar ikkje Cuba for å stå bak åtaka, men meiner cubanske styresmakter burde ha gjort meir få å sikre at deira tilsette var trygge.

Derfor la utanriksdepartementet fram ei liste med namn på 15 cubanske diplomatar, som får sju dagar på seg til å forlate USA.

Tillerson seier at dei diplomatiske banda med Cuba held fram, og at USA skal samarbeide med Cuba medan etterforskinga held fram.

USA står likevel fast ved avgjerda om å trekkje tilbake 60 prosent av amerikanske diplomatar frå Havanna.

Tillerson seier at dette vart gjort for å sikre at diplomatane er trygge, og at det er naudsynt for å «minimere talet på diplomatar som kan verte utsette for skade».

SISTE NYTT

Siste nytt