Hopp til innhold

USA kan få snakke med bin Laden-enkjer

Ein amerikansk tenestemann seier at USA truleg får avhøyre dei to konene til Osama bin Laden, som var til stades i huset der han vart drepen sist veke.

Brenning av pakistanske flagg i Pakistan

Forholdet mellom USA og Pakistan er dårleg etter drapet på Osama bin Laden. Her brenn rasande demonstrantar det amerikanske flagget.

Foto: Khalid Tanveer / Ap

Tenestemannen seier til Reuters at pakistanske styresmakter har sendt signal om at dette kan bli mogleg.

Osama bin Laden

USA kan kanskje få avhøyre to av enkene til Osama bin Laden.

Foto: Scanpix/AFP

- Eg håpar at dei set ut i livet signala dei har sendt, seier den anonyme tenestemannen.

Avhøyr av enkjer

Pakistan har offisielt sagt at dei ikkje vil godta at amerikanske tenestemenn får avhøyre dei to konene til Osama bin Laden, som var i huset i Abbotabad i Pakistan då amerikanske spesialsoldatar gjekk til aksjon mot terrorleiaren .

Pakistanske styresmakter har reagert på både at amerikanske styrkar gjekk til aksjon på pakistansk jord utan å informere om det på førehand, og det faktum at USA har skulda Pakistan for å ha visst om at bin Laden oppheldt seg i landet.

Fleire observatørar meiner at forholdet mellom USA og Pakistan no er på eit historisk lavmål etter at dei to landa starta eit antiterror-samarbeid.

LES OGSÅ: Frykter flere «bin Laden-aksjoner»

LES OGSÅ: Difor kan ikkje USA slå i bordet overfor Pakistan

Antiterror-samarbeid

Lisa Curtis, som tidlegare har arbeidd både for CIA og Det amerikanske utanriksdepartementet, seier at den amerikanske administrasjonen først trudde at dei ville få Pakistan med på eit utvida antiterror-samarbeid, etter at Osama bin Laden vart teken av dage.

- I staden ser det ut til at Pakistan no har bestemt seg for å spele den fornærma parten i denne saka. Eg trur ikkje forholdet mellom USA og Pakistan nokon gong har vore så dårleg som no, seier Curtis. Ho er no knytt til tankesmia Heritage Foundation.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Pakistans statsminister: Vi visste ingen ting

LES OGSÅ: – Fikk vite om bin Laden-aksjonen da den var i gang

SISTE NYTT

Siste nytt