Hopp til innhold

USA lovar kraftig svar på eit nordkoreansk angrep

USA seier at landet tek truslane om angrep frå Nord-Korea på fullt alvor, og seier at landet vil slå hardt tilbake om det skulle skje.

Kim Jong-un i ei skyttargrav.

Kim Jong-un på besøk i eit militært kommandosenter nær grensa til Sør-Korea.

Foto: KCNA / Reuters

Nordkoreanske styresmakter sa tidlegare i dag at rakettane deira var sette i høgste beredskap for å vere klare når ordren om eit angrep på USA kjem.

Nordkoreansk militærøving.

Nordkoreansk militærøving på kysten nær grensa til Sør-Korea. Kim Jong-un inspiserte øvinga, som vart vist på fjernsyn måndag.

Foto: KCNA / Reuters

Det nordkoreanske statsfjernsynet gjorde det klart at dei kunne nå mål både på det amerikanske fastlandet, på Hawaii og på den amerikanske baseøya Guam i Stillehavet.

Trua med atomvåpen

Dette skjer etter at amerikanske bombefly deltok i ei felles militærøving med Sør-Korea i Sør-Korea. Nord-Korea har tidlegare trua med å angripe USA med atomvåpen, men USA trur ikkje Nord-Korea er i stand til det.

Samstundes viste nordkoreansk fjernsyn stillbilete av leiaren Kim Jong-un på besøk hos soldatane som opererer rakettane det blir trua med skal slå til mot USA. Vi ser bilete av Kim Jong-un der han studerer invasjonsplanar, inspiserer rakettutskytingar og ser på ei landgangsøving i kikkert.

Sjå videoen frå nordkoreansk fjernsyn her:

Video frå nordkoreansk fjernsyn med stillbilete av Kim Jong-un.

VIDEO: Nord-Korea truar med å angripe USA

I bakgrunnen messar den kvinnelege nyheitsopplesaren fram bodskapen om at Nord-Korea er i høgste beredskap for å slå til mot både Sør-Korea og USA.

LES OGSÅ: – Skal ta 150.000 gisler

LES OGSÅ: FN legg Nord-Korea under lupa

Senking av marinefartøy

Dei nye truslane frå Nord-Korea kjem på treårsdagen for senkinga av det sørkoreanske marinefartøyet «Cheonan», der 46 soldatar omkom. Sør-Korea er sikker på at skipet vart senka av ein nordkoreansk ubåt, men naboen i nord har aldri vedgått dette.

Nokre månader seinare gjekk Nord-Korea til angrep på ei sørkoreansk øy like ved grensa mellom dei to landa, og her vart fire menneske drepne.

– USA tek dei nordkoreanske truslane på djupaste alvor. Dei må slutte å true freden på den koreanske halvøya. USA står klar til å reagere på ei kvar utvikling, seier talsmann for Pentagon, George Little i ettermiddag norsk tid.

LES OGSÅ: Nord-Korea: – Kan angripe amerikanske baser

LES OGSÅ: Nord-Korea med ny angrepsvideo

Auka krigsretorikk

Observatørar har lagt merkje til at den ferske leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un, sonesonen av landet sin grunnleggjar Kim il Song og son av han etterfølgjar igjen, Kim Jong-il, brukar mykje tid saman med dei militære.

Det blir stadig sendt ut bilete og video av Kim Jong-un på inspeksjon i ulike militærleiarar og på øvingar, samstundes som krigsretorikken har auka sterkt den siste tida.

Dei fleste reknar med at det høge trusselnivået i hovudsak er mynta på innbyggjarane i Nord-Korea, og at det er lite truleg at dei vil gjere alvor av truslane. På den andre sida har Nord-Korea gong på gong vist at dei kan gjere ting ingen har venta seg på førehand.

Døme på dette er senkinga av det sørkoreanske marinefartøyet og angrepet mot den sørkoreanske grenseøya

LES OGSÅ: Nordkoreanske ungdomar marsjerer og hyllar krigen

SISTE NYTT

Siste nytt