Hopp til innhold

USA står fast på at Boeing 737 MAX 8 er trygt – Boeing-sjefen snakka med Trump

Styresmaktene i USA meiner framleis at ulukkesflyet Boeing 737 MAX 8 er trygt. Men kravet frå politikarar om å setje flya på bakken, aukar i styrke

Ethiopia Plane Crash

Eit Boeing 737 MAX 8-fly frå Air Canada gjer seg klart til landing på Vancouver International Airport tysdag.

Foto: Darryl Dyck / AP

Lista over land og flyselskap som set ulukkesflyet Boeing 737 MAX 8 på bakken, er blitt lang. Tysdag blei flytypen utestengt frå alle land i Europa.

18 av Norwegian sine 163 fly er Boeing 737 MAX 8, flytypen som er sette på bakken i store deler av verda etter ulukka som kosta 157 menneske livet i Etiopia søndag.

New Zealand, Fiji, Egypt, India, Singapore, Kina, Australia, Indonesia, Malaysia, Oman, Kuwait og De sameinte arabiske emirata er blant landa som har gjort tilsvarande vedtak.

Men USA, Canada og Russland har ikkje har gjort det. Luftfartsstyresmaktene i USA, FAA, seier at dei ikkje har funne systematiske feil som skulle gje grunnlag for å setje flytypen på bakken.

Laster Twitter-innhold

Boeing-sjefen ringde Trump

Den amerikanske flyfabrikken Boeing meiner flyet er trygt. Direktøren i Boeing, Dennis Muilenburg, snakka med president Donald Trump tysdag. Han sa til presidenten at han er overbevist om at flytypen er trygg.

Tidlegare på dagen hadde Trump gitt uttrykk for at han meiner flya er blitt altfor kompliserte til å fly.

Laster Twitter-innhold
US-CONSERVATIVES-COME-TOGETHER-FOR-ANNUAL-CPAC-GATHERING

Senator Ted Cruz (R) meiner Boeing 737 MAX 8 bør setjast på bakken.

Foto: MARK WILSON / AFP

Politisk press

Men presset på Boeing aukar. Den republikanske senatoren Ted Cruz seier det slik:

– Eg trur det ville vere fornuftig at også USA set desse flya på bakken inntil vidare.

Senator Mitt Romney, frå same parti, er samd med Cruz:

– Av omsyn til publikum bør FAA setje Boeing 737 MAX 8 på bakken fram til årsaka til dei to siste ulukkene med denne flytypen er ferdig granska.

Dei demokratiske senatorane Edward Markey og Richard Blumenthal har sendt brev til FAA, dei ber om at Boeing 737 MAX 8 blir tatt ut av trafikk «fram til styresmaktene kategorisk kan slå fast at det kan brukast på ein trygg måte».

Fagforeining stiller krav

Fagforeininga Association of Flight Attendants-CWA har 50.000 medlemmer frå 20 flyselskap i USA. Tysdag kom dei med ei sterk oppfordring om at FFA set flya på bakken inntil vidare.

– Dette handlar om publikum sin tillit til flytryggleiken. Amerikanarane forventar no leiarskap i ei tid der mykje er usikkert som følgje av ulukkene, seier leiar i foreininga, Sara Nelson.

Laster Twitter-innhold

Boeing har levert rundt 350 fly av typen Boeing 737 MAX, og har over 5.000 fleire under bestilling.

SISTE NYTT

Siste nytt