Hopp til innhold

USA snur om homofili-erklæring

Amerikanske styresmakter har gjort det klart at USA er klar til å stitlle seg bak FN si erklæring mot diskriminering av homofile.

Barack Obama

Barack Obama og hans administrasjon vil støtte ein FN-deklarasjon om dei homofile sine rettar.

Foto: JIM YOUNG / REUTERS

Administrasjonen til tidlegare president George W. Bush nekta å støtte denne FN-erklæringa.

Dermed vil USA støtte FN-deklarasjonen, som vart initiert av Frankrike i desember i fjor, saman med 66 andre land. Alle EU-landa har skrive under på erklæringa.

Talsmann i utanriksdepartementet, Robert Wood, understrekar likevel at denne støtta ikkje vil ha konsekvensar for rettsvesenet i USA.

George Bush-administrasjonen brukte det som argument for ikkje å støtte FN-deklarasjonen at det ville få konsekvensar for det amerikanske rettsvesenet.

Også fleire arabiske land har kome med sterk kritikk av homofili-erklæringa frå FN.

Det er dødsstraff for homoseksuell framferd i sju land: Dei sameinte arabiske emirata, Iran, Muritania, Nigeria, Saudi-Arabia, Sudan og Jemen.

SEAN PENN ADVARER:

- Dere kommer til å skamme dere

SISTE NYTT

Siste nytt