Hopp til innhold

USA skuldar Russland for å spreie desinformasjon om det nye koronaviruset

USA meiner tusenvis av kontoar på sosiale medium knytt til Russland spreier desinformasjon om covid-19-viruset. Meininga skal vere å skade USA.

Den indiske artisten Sudarsan Pattnaik har laget en figur som ber folk avstå fra rykter om det nye koronaviruset, på en strand i Puri i India.

RYKTEFLAUM FLOM: Den indiske artisten Sudarsan Pattnaik har laga ein figur som ber folk avstå frå rykte om det nye koronaviruset, på ei strand i Puri i India.

Foto: STRinger / AFP/NTB Scanpix.no

Kontoane på Twitter, Facebook og Instagram spreier konspirasjonsteoriar om at USA står bak virus-utbrotet, sa det amerikanske utanriksdepartementet laurdag.

Blant påstandane kontoane spreier, er at viruset er eit amerikansk forsøk på økonomisk krigføring mot Kina, og at det er eit biologisk våpen utvikla av den amerikanske etterretningstenesta CIA.

Fleire språk

Kontoane spreier meir eller mindre lik informasjon på engelsk, spansk, italiensk, tysk og fransk.

Russland si hensikt er å skape splid og undergrave amerikanske institusjonar og alliansar, ifølgje departementet.

Microsoft-grunnleggar Bill Gates, som i mange år har gitt store summar til utviklinga av vaksinar, blir òg skulda for å ha noko med viruset å gjere.

Starta i januar

Ifølgje amerikanske styresmakter er kontoane ikkje såkalla automatiserte kontoar, men blir drivne av menneske. Dei same kontoane skal tidlegare ha publisert russiske syn på mellom anna krigen i Syria.

Stateigde russiske medium starta å spreie antivestlege saker om viruset 20. januar. Dagen etter begynte kontoar på sosiale medium å spreie bodskapen vidare, ifølgje USA.

«Økosystem»

USAs utanriksdepartement seier og at mykje av den informasjonen kontoane publiserer om viruset, liknar på den som er å finne hos Sputnik og RT – statleg støtta russiske nettstader som vert skulda for å spreie propaganda.

– I dette tilfellet kunne vi sjå heile økosystemet for desinformasjon, inkludert statleg TV, vikar-nettstader og tusenvis av falske profilar på sosiale medium som alle spreier same tema, seier Lea Gabrielle, leiar for ei avdeling i utanriksdepartementet med ansvar for å avdekke desinformasjon.

Russland avviser skuldingane

Russlands utanriksdepartement avviser skuldingane som ein «falsk historie».

Maria Zakharova

NEKTAR: Maria Zakharova i det russiske utanriksdepartementet seier USA med vilje spreier ei falsk historie.

Foto: Shamil Zhumatov/TASS / NTB Scanpix

Talskvinne Maria Zakharova seier ifølgje nyheitsbyrået TASS at «dette er ei falsk historie som er offentleggjort med overlegg» av amerikanarane.

2400 døde

Så langt er over 2400 menneske døde av viruset, langt dei fleste i Fastlands-Kina.

SISTE NYTT

Siste nytt