Hopp til innhold

USA skulda for å starte handelskrig

Russland skuldar USA for å starte handelskrig med si nye lov om ytterlegare sanksjonar. Også i Europa er det uro for sanksjonane og deira ringverknader.

USAs ambassade i Moskva

Statuen i framgrunnen for USAs Moskva-ambassade er eit monument til russiske revolusjonære. No skuldar Russland USA for å starte ein handelskrig.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Seniorforsker Arne Melchior i NUPI

NUPI-forskar Arne Melchior trur at Kina er neste land ut i USAs meir konfronterande handelspolitikk.

Foto: NUPI

– Dette er eit nytt signal frå amerikansk side, at ein fattar viktige handels- og utanrikspolitiske avgjerder åleine, seier Arne Melchior, som forskar på internasjonal handel ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) til NRK.

Han viser til at lova om sanksjonar som Kongressen vedtok førre veke, og som Donald Trump motvillig underteikna onsdag kveld, er forma ut med omsyn til amerikanske næringsinteresser.

Kan også råke EU og Noreg

Også Russland peikar på at sanksjonane er einsidig innført av USA, og ikkje i samarbeid med EU, som også har uttalt seg kritisk om sanksjonane.

Dei kan blant anna påverke arbeidet med gassleidninga Nord Stream 2, som skal gå under Østersjøen frå Russland til Tyskland.

– At USA skal kome først kan ikkje bety at Europa skal kome sist, uttalte EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker i ei pressemelding førre veke.

Juncker og Trump

Trump møter kommisjonspresident Jean-Claude Juncker i samband med G20-toppmøtet i Hamburg i juli. Juncker har vore ein sterk Trump-kritikar.

Foto: POOL / Reuters

Sjefen for det statlege oljeselskapet Rosneft seier til russiske nyheitsbyrå at dei vil forsøke å minimere sanksjonane sin innverknad, og legg til at han sanksjonane allereie har hatt tilbakeverkande følger for USA.

– Eg er redd for at dette vil skape ein ytterlegare splid mellom Europa og USA, og det treng vi ikkje i desse kompliserte og vanskelege tidene, seier Christian Tybring-Gjedde, utanrikspolitisk talsmann for Frp.

Han er uroa for at sanksjonane også ville ha verknader i Noreg.

Tore Myhre, avdelingsdirektør i internasjonal avdeling i NHO, meiner det er for tidleg å seie om norske selskap blir skadelidande, men peikar på at norsk næringsliv allereie er hardt råka av dei sanksjonane som kom etter at Russland annekterte Krim i 2014.

Nord Stream

Mange europeiske land er avhengige av Russland som gassleverandør. Her er sjef for russiske Gazprom, Alexei Miller, saman med tidlegare forbundskanslar i Tyskland, Gerhard Schröder, og sjef i det franske energiselskapet Engie, Isabelle Kocher. I april inngjekk dei ein stor avtale om finansiering av den nye gassleidninga Nord Stream 2.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Trump får ikkje lenger bruke forhandlingskunsten

Russland har allereie svart med å krevje at USA nedskalerer sin diplomatiske representasjon i landet, og statsminister Dmitrij Medvedev omtalar det som eit dødsstøyt i forholdet mellom Russland og USA.

Medvedev seier at det at Trump gir etter for Kongressen viser kor lita handlekraft han har, og meiner at den amerikanske presidenten har blitt audmjuka.

Dmitrij Medvedev

Russlands statsminister Dmitri Medvedev meiner at USA kynisk utnyttar situasjonen for å fremje sine interesser.

Foto: Alexei Nikolsky / AP

Trump sjølv har også vore oppteken av å understreke kløfta mellom hans syn og Kongressens, og meiner lova undergrev hans evne til å gjere avtalar med handelspartnarar.

– Ved å avgrense leiarens fleksibilitet, vil loven gjere det vanskelegare for USA å inngå gode avtalar for det amerikanske folket, og det vil drive Kina, Russland og Nord-Korea mykje nærare kvarandre, seier han i ei fråsegn.

Melchior peikar på at lova kan sjåast som eit kompromiss:

– Trump har vore ein hardliner i møte med Nord-Korea og Iran, medan rykta har gått i motsett retning når det gjeld Russland.

No trur han at Kina er neste land ut, eit der Trumps retorikk har vore svært krigshissande når det kjem til handelspolitikk.

SISTE NYTT

Siste nytt