Hopp til innhold

USA skaut ned iransk drone

Amerikanske styrkar skaut ned eit ubemanna iransk fly, ein drone, over irakisk luftrom 25. februar.

Amerikanske soldatar i Irak

Amerikanske soldatar i Irak (Illustrasjonsfoto).

Foto: Karim Kadim / AP

Ein amerikansk militær talsmann sa til journalistar i Bagdad i dag at eit amerikansk fly frå den internasjonale styrken i Irak skaut ned den iranske dronen, rundt 100 kilometer nordaust for Bagdad.

Dronen vart først oppdaga av ein radar, og deretter fylgde amerikanske fly etter det iranske flyet før det vart skote ned.

Også irakiske styresmakter stadfestar at eit amerikansk fly skaut ned dronen.Ein offiser i det irakiske forsvarsdepartementet seier at det ubemanna flyet truleg kom inn i irakisk luftrom ved ein feil.

Obserstløytnant Mark Ballesteros i den amerikanske hæren seier på si side at USA ikkje trur at dronen kom inn i irakisk luftrom som følgje av ein feil. Han grunngir dette med den lange distansen dronen flaug inn i Irak og at flyet oppheldt seg så lenge i irakisk luftrom.

Iranske styresmakter har ikkje kommentert nedskytinga.

SISTE NYTT

Siste nytt