– Eg kan fortelje dykk at USA vil sende ytterlegare 200 soldatar til Syria, sa Ash Carter til politikarar frå Gulf-landa som var samla til eit møte i Bahrain i dag.
Dei kjem som eit tillegg til dei 300 som allereie er til stades for å støtte Syrian Democratic Forces (SDF), ein allianse av kurdiske og arabiske styrker, i offensiven mot Raqqa som starta 5. november. Dei annonserte samtidig at offensiven no går inn i si andre fase. Ifølge Carter er dei no 25 km unna bygrensa, og er i ferd med å isolere byen.
– Trygg på at IS sine dagar i Mosul er talte
Offensiven har blitt komplisert av Tyrkias skepsis mot SDF, som er dominert av den kurdiske YPG-militsen. Tyrkia gjekk inn med bakkestyrkar i Syria i august, og kjemper både mot IS og YPG. USA har den siste veka prøvd å forhandle mellom dei to partane for å unngå at offensiven mot IS blir negativt påverka.
Heller ikkje offensiven mot den irakiske byen Mosul, som har vore på IS' sine hender sidan 2014, har vore enkel, og trass i at irakiske regjeringsstyrkar har rykt djupare inn i byen møter dei stadig motangrep frå IS.
- Les også:
- Les også:
Carter seier likevel at koalisjonen no har nådd ein kritisk terskel i kampen mot IS.
– Dette er eit komplisert oppdrag som vil ta tid, men eg er trygg på at IS' dagar i Mosul er talte, sa Carter.
Han åtvarar likevel mot det som eventuelt vil kome etterpå, og seier at dei er klare for at kva som helst kan skje.
Hevdar regimet kontrollerer 93 prosent av Aleppo
Samtidig prøver kollega og utanriksminister John Kerry å finne ei diplomatisk løysing på konflikten, der opprørsstyrker held på å bli pressa ut av dei siste delane av austdelen av Aleppo, som dei har kontrollert sidan 2012.
I dag fortalde ein talsmann frå det russiske forsvarsdepartementet at dei syriske regjeringsstyrkane no kontrollerer 93 prosent av byen.
Dei siste dagane har sivile forlate bydelane etter kvart som Assad-regimet med russisk støtte har gjenteke kontrollen. Torsdag annonserte Russland torsdag eit opphald i kampane for at sivile kunne dra. Etter dette har FN meldt om hundrevis av sivile syriske menn som har forsvunne under flukta frå opprørskontrollerte område til regjeringskontrollerte område.
Korleis sivile skal kome seg trygt ut blir eit sentralt spørsmål når amerikanske og russiske militærekspertar og diplomatiske laurdag møtast fram i Genève.
Same dag møter Kerry sin franske motpart Jean-Marc Ayrault og andre politikarar og diplomatar i Paris for å diskutere Syria.
– Eg veit folk er leie av desse møta. Eg er lei av desse møta. Men kva skal eg gjere? Dra heim og ha ei fin helg i Massachusetts, medan folk døyr? Sitje der i Washington og ikkje gjere noko? sa han då han kom til Paris fredag kveld.
Dagen etter kunne den franske utanriksministeren opplyse om at opposisjonen i Syria seier at dei er villige til å gjenoppta fredssamtalane.
- Les også: