Hopp til innhold

USA redde for Nord-Korea etter avretting

Etter at Kim Jong-un avretta sin eigen onkel, Chang Song-thaek, er USA redde for kva som kan skje i Nord-Korea. USA fryktar at regimet som har tilgang på atomvåpen no går gjennom ein ustabil periode.

NKOREA-KIM-JANG-EXECUTION-FILES

Jang Song-thaek, til venstre, er no død, etter at han vart skulda for å prøve å ta makta frå Kim Jong-un, til høgre. No er USA redde for at hendingane kan gjere Nord-Korea ustabile.

Foto: KNS / Afp

Det vekte oppsikt då det vart gjort kjent at han som hadde vore Nord-Koreas nest mektigaste mann inntil nyleg hadde blitt avretta. Grunngjevinga var at onkelen til president Kim Jong-un skulle ha forsøkt å ta over makta i landet.

– For denne typen svikarar som øydelegg vårt kjære sameinte samfunn, så er avretting for lettvint. Dei burde vore hakka opp i bitar og kasta på historias søppeldynge, seier Ri Chol Ho, ein innbyggjar i Nord-Koreas hovudstad Pyongyang til nyheitsbyrået AP.

Og på statleg TV kalla nyheitsopplesaren den tidlegare mektige Nord-Koreanaren for «avskum, som er verre enn ein hund».

– Vil diskutere saka med våre allierte

USA har lenge uroa seg for atomprogrammet til Nord-Korea, og dei har ikkje blitt mindre uroa etter nyheita om avrettinga av Song-thaek.

– Me kjem til å diskutere situasjonen i Nord-Korea meir no enn før, saman med våre allierte og partnarar i regionen, seier talskvinne for den amerikanske regjeringa, Marie Harf ifølgje BBC.

Ho kallar avrettinga for ei «uverkeleg, brutal handling» som «understrekar kor forferdeleg menneskerettssituasjonen er i Nord-Korea».

– Må ikkje provosere

Amerikanarane har lenge jobba med å få lagt ned atomprogrammet til den asiatiske kommuniststaten, men mykje tyder på at det framleis er aktivitet i atomanlegg inne i det lukka landet. Dette skjer trass i at USA gir bistand til Nord-Korea, mot at legg ned all atom-aktivitet.

– Me vil oppmode Nord-Korea om å ikkje gjere nokre handlingar som kan provosere, fordi det ikkje er lurt for regionens stabilitet, seier Harf.

Også nabolanda Sør-Korea og Japan følger nøye med på kva Nord-Korea tek seg til. Og i Sør-Korea er militæret no i full beredskap. Kina, som er nordkoreanarane sin einaste ordentlege handels- og alliansepartnar, har på si side uttalt at avrettinga er noko som er ei intern sak i Nord-Korea.

– Som eit naboland håper me at Nord-Korea klarer å halde seg stabile, har ein talsmann for utanriksdepartementet i Kina sagt ifølge AP.

I kinesiske medium er det derimot langt større skepsis til det som skjer i Nord-Korea, og der vert det tatt til orde for at Kina må innføre restriksjonar ovanfor regimet i Nord-Korea.

Kim Jong-uns mektige onkel har blitt henrettet

Sjå reportasje om Chang Song-thaek som vart avretta av sin eigen nevø. Her er han avbilda med hendene bundne.

SISTE NYTT

Siste nytt