Hopp til innhold

USA rasar mot Russland: Mannskapet på ISS måtte søke tilflukt etter russisk satellittsprenging

Astronautar og kosmonautar på den Internasjonale romstasjonen måtte søke tilflukt etter at russarane sprengde ein satellitt i ein missiltest natt til i dag. Russland stadfestar testen, men skuldar USA for hykleri for deira fordømming av hendinga.

ISS

SØKTE TILFLUKT: Mannskapet på ISS måtte bruke naudrutinar då russarane testa ut ein missil med ein gamal satellitt som blink.

Foto: - / AFP

No svevar 1500 store og hundretusenvis av små bitar frå den sprengde satellitten rundt i verdsrommet.

– Mannskapet blei vekka og bedt om å lukke lukene på stasjonen, medan dei heldt døra mellom den russiske og amerikanske delen av stasjonen open, opplyser Nasa.

Deretter måtte mannskapet gå i redningsfartøya og var der i to timar.

Russiske styresmakter svarte fyrst ikkje på den harde kritikken, men det var kjend at dette skjedde då dei skulle teste eit missil berekna for å treffe satellittar.

– Sprenginga av satellitten skapte ei stor sky av vrakrestar som tvang mannskapet på ISS til å søke tilflukt, sa talsmann Ned Price i det amerikanske utanriksdepartementet.

Ifølgje USA førte eksplosjonen til 1.500 bitar med sporbart romsøppel og hundretusenvis av mindre bitar med romsøppel.

Russland stadfestar våpentest

Russland stadfestar tysdag å ha utført ein våpentest mot ein gamal russisk sattelitt.

– Det russiske forsvarsdepartementet har gjennomført ein vellykka test, og resultatet er at det russiske romfartøyet Tselina-D, som har vore i bane sidan 1982, er øydelagt, uttalte forsvarsdepartementet.

Samtidig skuldar Russland USA for hykleri for deira fordømming av hendinga. Det melder nyheitsbyrået RIA ifølgje Reuters.

Stadfestinga kom ei kort stund etter at Russlands utanriksminister Sergej Lavrov hadde avvist skuldingane frå USA.

– Å erklære at Den russiske føderasjonen skaper fare for fredeleg bruk av verdsrommet er mildast talt hyklersk, sa Lavrov under ein pressekonferanse i Moskva.

Forsvarsdepartementet sa at USA, Kina og India har utført liknande testar tidlegare. Dei meiner Russland blir tvungne til å styrke sine forsvarsevner, på grunn av amerikanske våpentestar samt at USA har etablert ei eiga forsvarsgrein for krigføring i utlandet.

L-R) Anton Shkaplerov, Tom Marshburn, Kayla Barron, Raja Chari, Matthias Maurer, Mark Vande Hei and (sitting) Pyotr Dubrov , a

Mannskapet på ISS no. F.v. Anton Shkaplerov, Tom Marshburn, Kayla Barron, Raja Chari, Matthias Maurer, Mark Vande Hei og Pyotr Dubrov.

Foto: AFP

Russland skal ikkje ha åtvara USA på førehand om testen.

– Det er utenkeleg at Russland ikkje berre kunne setje dei amerikanske og internasjonale astronaut-partnarane på ISS i fare, men også Russland sine eigne kosmonautar, sa Nasa-sjef Bill Nelson i natt, ifølgje CNN.

Også mannskapet på den kinesiske romstasjonen, såkalla taikonautar, var i fare, meiner Nasa.

Utanriksminister i USA, Antony Blinken, er heller ikkje nøgd med den russiske missiltesten.

– Søppel frå denne farlege og uansvarlege testen vil no truge satellittar og andre romobjekt som er avgjerande for alle nasjonar sin tryggleik og økonomiske og vitskaplege interesser i fleire tiår framover, sa Blinken.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg kalla testen uforsvarleg. Han sa testen utgjer ei fare for ISS og den kinesiske romstasjonen, og at det viser at Russland utviklar nye våpensystem.

Russlands forsvarsdepartement seier ifølgje nyheitsbyrået Interfax at restane etter testen ikkje utgjer nokon fare for romstasjonar eller andre sattelitter i bane.

SISTE NYTT

Siste nytt