Hopp til innhold

USA nektar for at NATO jakter på Gaddafi

Utanriksministeren i Storbritannia seier at NATO-styrkane involverar seg i jakta på Gaddafi. Dette avviser USA på det sterkaste.

LIBYA-CONFLICT LIBYA-CONFLICT

Jakta på Muammar al-Gaddafi har intensivert seg etter at Tripoli vart teken av opprørsstyrker.

Foto: FILIPPO MONTEFORTE / Afp

Utanriksministeren i Storbritannia: – Eg kan stadfeste at NATO bistår opprørarane i jakta på Gaddafi.

Pentagon: – Me jaktar ikkje på Gaddafi.

Dette er dei motstridande utsegna som skapar full splid om kva NATO si rolle er no når Gaddafi si tid som statsleiar er over.

Britain's Defence Secretary Liam Fox

Laim Fox sine utsegn om NATO si involvering i Libya er ikkje i samsvar med amerikanske styresmakter si tolking.

Foto: JOHN THYS / Afp
Flyfoto av verdens største bygning, Pentagon.

Ein talsmann i Pentagon seier at NATO ikkje er involvert i jakt på enkeltindivid.

Foto: JASON REED / REUTERS
Helge Lurås

Helge Lurås i NUPI meiner NATO har spelt ei stor rolle i offensiven som førte til at Tripoli falt.

Foto: NUPI

Det var under eit intervju med Sky News tidlegare i dag at utanriksministeren i Storbritannia, Liam Fox, sa at NATO bistår overgangsrådet med informasjon og utstyr i jakta på Moammar al-Gaddafi.

Spesialstyrkar i Tripoli

– Eg kan stadfeste at NATO forsyner overgangsrådet med etterretning og leiteutstyr for å hjelpe dei til å spore opp oberst Gaddafi og andre rester av regimet hans.

Storbritannia skal ifølgje avisa The Daily Telegraph ha plassert spesialstyrkar i Tripoli for å bidra i jakta på Gaddafi. Dei britiske soldatene skal vere kledd i sivil og væpna med same våpen som opprørarane.

Det har ikkje kome noko offisiell stadfesting på desse opplysningane. Liam Fox avviste å kommentere saka i Sky News-intervjuet.

– Jaktar ikkje på enkeltindivid

Ein talsmann for Pentagon, oberst David Lapan, kom med motstridande informasjon i eit intervju med nyheitsbyrået AP.

– Eg har stadfesta med NATO og gjennom kommandostrukturen at dei ikkje skal involvere seg i å jakte på enkeltindivid.

Lapan stadfesta likevel at han berre kan uttale seg på vegne av dei amerikanske militære styrkane, og ikkje etterretningsorganisasjonar. Det er tidlegare stadfesta at CIA opererar i Libya, og at deira operasjonar ikkje har noko med NATO-styrkane å gjere.

Strekker mandatet

Helge Lurås ved Norsk utanrikspolitisk institutt meiner NATO strekkjer mandatet frå Tryggingsrådet om å verne om sivilbefolkninga svært langt.

– Tolkinga sidan mars har vore at sjølve nærveret av Gaddafi utgjer ein trussel mot sivilbefolkninga. På nokon annan måte kan ikkje NATO-operasjonane bli forstått, seier Lurås til NTB.

Han meiner teksten i resolusjonen er formulert på ein slik måte at ein i praksis kan tolke kva ein vil inn i mandatet. Spørsmålet blir berre kva ein sjølv definerer kva ein trussel mot sivilbefolkninga har.

SISTE NYTT

Siste nytt