Hopp til innhold

USA har gjennomført første føderale avretting på 17 år

Daniel Lewis Lee, dømd for trippeldrap i 1996, er nå død, ifølgje nyheitsbyrået AP. I sine siste ord hevda han si uskyld.

Daniel Lewis Lee

ARKIVFOTO: Daniel Lewis Lee blei i 1997 dømd til døden for trippeldrap. No er straffen fullbyrda.

Foto: Dan Pierce / AP

Daniel Lewis Lee var dømd for å ha delteke i drapet på ei åtte år gammal jente og foreldra hennar i 1996.

Lee er no død, skriv nyheitsbyrået AP.

Han har sidan 1999 sete på «death row» i eit føderalt fengsel i delstaten Indiana.

Fristen utsett – fleire gonger

Avrettinga av Lee skulle skje i desember i fjor, men vart blokkert av føderale domstolar, ifølgje CNN.

Før helga bestemde ein føderal dommar at avrettinga igjen skulle bli utsett på grunnlag av ønske frå dei pårørande i saka mot Lee.

Dei meinte at dei frykta for helsa si dersom dei var til stades ved avrettinga. Koronapandemien har ramma særleg amerikanske fengsel i stor grad.

Dei pårørande har lenge kjempa for å la Lee leve, skriv Washington Post.

Søndag vart denne avgjeringa overkøyrt av ein ankedomstol, skriv BBC. Domstolen hevda at familien ikkje hadde rettsleg belegg for ønsket.

Lee var dermed i ferd med å bli avretta måndag. Berre timar før avrettinga skulle skje, blokkerte derimot ein føderal distriktsdommar ho. Dommaren hevda det var fleire juridiske utfordringar ved giftsprøyta som skulle bli brukt, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Tysdag bestemde ein delt amerikansk høgsterett at Lee likevel skulle bli avretta. Det var det siste ordet i saka.

First Federal Execution In 17 Years Set For Convicted Murderer In Indiana

PROTESTERER: Folk demonstrerer mot dødsstraff i USA, utanfor fengselet Lee blir heldt i. Lee var planlagt å bli avretta måndag ettermiddag, lokal tid. No er han død.

Foto: Scott Olson / AFP

Har vekt reaksjonar

I USA kan kriminalitet bli behandla anten på nasjonalt, føderalt nivå eller på delstatsnivå. Føderale domstolar behandlar som regel berre saker innanfor bestemde tema. Om andre saker blir tekne opp i ein føderal domstol avheng av deira grad av alvor, skriv BBC.

I juli 2019 «gjeninnførte» USA føderal dødsstraff. Praksisen har vore på uoffisiell pause sidan 2003.

President Donald Trump hadde då uttalt han ønsket å auke bruken av dødsstraff.

Valet om gjenoppretting skapte fleire reaksjonar.

Demokratane sin sjef i justiskomiteen i Senatet, Dianne Feinstein, var blant kritikarane.

– Dei føderale styresmaktene burde leie an kampen om å stoppe denne brutale, og ofte vonde straffa, ikkje forfekte ein retur. Det er på tide at vi utviklar oss og legg denne forferdelege praksisen bak oss, sa ho.

Hevda si uskyld

Lee hevda han var uskyldig før han fekk giftsprøyta.

– Eg gjorde det ikkje. Eg har gjort mange feil i mitt liv, men eg er ikkje ein mordar. De drep ein uskyldig mann, var Lee sine siste ord, ifølgje AP.

SISTE NYTT

Siste nytt