Hopp til innhold

USA med enorm hjelpepakke til Ukraina: Gir 1000 nye panservernmissil

USA gir Ukraina militærhjelp verdt éin milliard dollar.

NASAMS II

Ukraina får meir ammunisjon til den norskproduserte luftvernraketten Nasams, opplyser Pentagon.

Foto: Martin Mellquist / Forsvaret

Dette er den største hjelpepakka USA har gitt Ukraina sidan krigens start.

Den inkluderer mellom anna fleire missil som kan hjelpe dei ukrainske soldatane til å angripe russiske styrkar bak frontlinjene. Det skriv nyheitsbyrået AFP.

– Denne pakka gir ein betydeleg mengde ekstra ammunisjon, våpen og utstyr – som det ukrainske folk brukar så effektivt for å forsvare sitt land, skriv forsvarsdepartementet i ei pressemelding.

Veggmaleri av mor Maria med ein Javelina i henda.

I Kyiv har nokon teikna jomfru Maria med ein panservernmissil av typen Javelin i henda. Veggmåleriet er kjent som «Heilage Javelin».

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Ammunisjon og medisinsk utstyr

USA gir mellom anna meir ammunisjon til HIMARS, som er eit mobilt rakettsystem. Ukraina skal ha nytta dette våpenet til å sette Antonivskyj-brua ut av spel.

Brua går over Dnipro-elva i Kherson, og blei brukt av russiske styrkar til å sende forsyningar frå Krim til Kherson. No er brua derimot ikkje trygg å bruke.

Ukraina får også 1000 nye panservernmissil av typen Javelin, som er eit amerikansk våpen som kan øydelegge pansra køyretøy.

Javelin

Estiske soldatar øver med Javelin, som består av eit røyr med sjølve missilet og ein kontrolldel. Etter bruk kastast det tomme missilrøyret, og eit nytt røyr kan koplast til.

Foto: US DoD

I tillegg får Ukraina:

  • 75.000 skot med 155 mm artilleriammunisjon
  • Ammunisjon til norskproduserte luftvernrakettar av typen Nasams
  • Fleire hundre rakettar av typen AT4
  • 50 pansra køyretøy for medisinsk behandling
  • C-4 eksplosiv, rivingsutstyr og -ammunisjon
  • Medisinsk utstyr som førstehjelpsutstyr, bandasjar og monitorar

Les også Disse våpnene har Ukraina fått

En amerikansk Switchblade-drone treffer et simulert mål

– Nesten tomme for ammunisjon

Sidan krigens start har USA støtta Ukraina med utstyr verdt 9,8 milliardar dollar. Det svarar til 95 milliardar norske kroner.

I juni meldte det ukrainske forsvaret at dei nesten var tomme for ammunisjon, og at dei er heilt avhengige av det dei får frå vesten for å hindre russisk framrykking.

Amerikanske styrkar fraktar våpen og forsvarsmateriell til Ukraina.

Amerikanske styrkar fraktar våpen og forsvarsmateriell til Ukraina i slutten av april.

Foto: CPL. AUSTIN FRALEY / AFP

Ekspertar har peika på at Ukraina ikkje har noko stor produksjon av ammunisjon sjølv, og at det er viktigare enn nokon gong at land held fram med å donere våpen og ammunisjon.

Verdsbanken gir 4,5 milliardar dollar

Verdsbanken kunngjorde også ei økonomisk hjelpepakke til Ukraina i dag. Den er på 4,5 milliardar dollar, tilsvarande 44 milliardar kroner.

Støtta skal bidra til å finansiere pensjonsutbetalingar og offentlege tenester, ifølge banken.

– Ukraina treng framleis offentlege tenester, inkludert helse, utdanning og sosial støtte for å hindre ytterlegare forverring av levekår og fattigdom, seier president i Verdsbanken, David Malpass.

Ber om at kjernekraftverk blir demilitarisert

Før helga kom det meldingar om angrep mot kjernekraftverket i Zaporizjzja, søraust i Ukraina, som Russland kontrollerer.

Begge sider skuldar kvarandre for å ha gjennomført angrep mot kraftverket. Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har også sagt at dei er ekstremt bekymra over skytinga.

Petro Kotin er sjef for Ukrainas kjernekraftsmyndigheit. Han hevdar Russland brukar staden som ein militærbase, og at dei skyt rakettar frå kraftverket.

– Dei brukar det som eit skjold mot ukrainske styrkar, fordi ingen frå Ukraina kjem til å gjere noko, seier Kotin til BBC.

Ein russisk soldat står utanfor kjernekraftverket.

Ein russisk soldat står utanfor kjernekraftverket 4. august.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

No åtvara Kotin om risikoen for ei Tsjernobyl-liknande ulykke, og ber om at kraftverket blir demilitarisert. Ifølge Reuters ber han om at fredsbevarande styrkar får kontroll over kraftverket.

Fryktar for ulykker

Ifølge Kotin blir området overvaka av 500 russiske soldatar med rundt 50 militære køyretøy.

Les også Slår alarm etter militærangrep på kjernekraftverk

– Viss ein konteinar med brukt atombrensel går i stykke, vil det forårsake ei ulykke som påverkar anlegget og omgjevnadane. Viss to eller tre konteinarar går i stykke, blir konsekvensane mykje større, seier han.

– Det er umogleg å vurdere omfanget av ei slik katastrofe.

SISTE NYTT

Siste nytt