Hopp til innhold

USA kjenner pusten i nakken

Det økonomiske toppmøtet i Davos hadde det som hovudtema alt for tre år sidan: Den internasjonale maktorden er i stor endring.

Barack Obama og Hu Jintao

Mange vil seie at det tok overraskande lang tid før Barack Obama drog til Asia som president, skriv Gunnar Myklebust.

Foto: Ng Han Guan / Scanpix/AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Globaliseringa skaper nye økonomiske tyngdepunkt. Og forholdet mellom verdas nasjonar endrar seg.

Ja, noen sa i Davos at den økonomiske utviklinga i Asia med Kina og India i spissen er det viktigaste som har skjedd sidan den industrielle revolusjonen.

Og med økonomisk makt kjem politisk.

I skyggen av G22

Vi ser det blant anna ved at dei sterkt opphaussa G7- og G8-møta er i ferd med å kome i skyggen av G22, der land som Kina, India, Russland og Brasil spelar like stor rolle som dei europeiske stormaktene.

Slik sett vil mange seie at det tok overraskande lang tid før Barack Obama drog til Asia som president.

Han reiste sist veke. Men presidentkvardagen har nådd Obama også. Han rir ikkje lenger på begeistringa frå i fjor haust. Kritikarane i Washington er blitt meir høglytte.

Om at han er borte når han burde vere heime, og at ting går for sakte og ambisjonen er for liten og resultata ikkje kjem fort nok. Ingen store gjennombrot og altfor ettergivande.

Ikkje tøff nok om menneskerettar. Og sjølvsagt bukka han altfor djupt for den japanske keisaren.

Kjenner pusten i nakken

Asia og Stillehavsregionen omfattar over halvparten av innbyggarane på kloden. Det er god illustrasjon på den økonomiske tyngden at femten av dei 20 største hamnene i verda ligg her. Ni av dei i Kina.

Kvart år krysser 20 millionar containarar Stillehavet med varer. Det er også militær tyngde over området. Seks av dei ti største armeane på kloden ligg i Asia. Med USA altså på andre sida av havet.

Den amerikanske økonomien er framleis størst, men USA kjenner pusten i nakken. Euroen utfordrar dollaren, og det synest ikkje vere grenser for kor langt Kina kan nå.

Og noen vil kanskje meine at det også er dumt å provosere unødig den som sit på gjeldsbreva dine, i dette tilfelle Kinas krav til USA på mellom 4000 og 5000 milliardar kroner.

Ennå har kineserane eit stykke veg å gå. Våre byar ser ut som europeiske, men landsbygda vår liknar på Afrika, seier ein kinesisk økonom.

Og antyder at Kina først og fremst må ha fokus på sitt eige dei næraste åra. Det bør berolige amerikanarar som er nervøse for den kinesiske maktauken.

Europeisk «eks-kjæraste»

Obama besøkte både Singapore, Japan og Sør-Korea på turen sin, men det var gjestinga i Kina som var hovudmålet. Kina er del av alle dei viktige sakene for USA: Økonomikrisa, klima, Nord-Korea, Iran.

Og når Obama og Hu blir einige om at det er for tidleg å bli einig om klimatiltak, så er det det alle andre land må forholde seg til i Københamn om eit par veker.

På sidelinja står tilsynelatande Europa som ein tidlegare kjæraste og ser uroleg på det nye paret. Dei snakkar alt om enda ein variant av G-modellen, at i framtida blir det verken G7 eller 8 eller 22 som kjem til å telle, men G2.

Eit poeng er det kanskje også at dagens president er vakse opp blant anna på Hawaii og i Indonesia, og finn Stillehavsområdet like nærliggande som Atlanteren.

Stor avstand

Om resultata ikkje er påtrengande, har Obamas rundreise i Asia stor symbolsk betydning. Han sender melding om at dette er eit område han og USA legg stor og stadig større vekt på.

Og han har eit lengre perpektiv på jobben. Og da må han først bygge tillit. Avstanden mellom Obama og Hu Jintao er stor på mange felt.

Men etter dette besøket kjenner dei kvarandre litt betre og har truleg enda større forståelse for kor viktig det er å bygge bruer og arbeide saman.

Det er bakteppet for at Barack Obama bruker ni dagar av dyrbar arbeidstid på Asia. I det lyset er det lite å seie på at han vil bruke mindre enn 24 timar for å reise til Oslo og motta Nobels fredspris.

SISTE NYTT

Siste nytt