– Han er veldig god ven med Comey, noko som er veldig plagsamt, sa Donald Trump i eit intervju med Fox News.
Spesialetterforskaren Robert Mueller skal granske om Russland har påverka det amerikanske valet i fjor haust.
Som ein del av jobben skal Mueller også undersøkje om Trump har prøvd å hindre etterforskinga, då han gav den tidlegare FBI-direktøren James Comey sparken.
Kan ikkje sparke Mueller
Fleire av dei som støttar Trump har den siste veka gått ut og sagt at dei meiner Mueller bør trekkje seg frå etterforskinga.
Comey og Mueller er begge tidlegare FBI-direktørar. Trump har fleire gongar sagt at dei to også er nære vener, og at dette er uheldig.
– Vi får vente og sjå, svarte Trump, då han fekk spørsmål om han meiner at Mueller bør trekkje seg.
– Dette svaret viser at Trump ikkje er særleg nøgd med etterforskinga, meiner rådgjevar i Civita, Eirik Løkke.
Han legg til at sjølv om Trump gjerne skulle sett at Mueller gjekk av, kan ikkje presidenten sjølv gi Mueller sparken. Det er det eventuelt USAs visejustisminister Rod Rosenstein som må gjere, noko Rosenstein har sagt er uaktuelt.
Trur Mueller sit trygt
Skulle Trump likevel velje å prøve å fjerne både Mueller og Rosenstein, vil dette stå fram som merkeleg, sjølv for republikanarane, meiner Løkke.
– Truleg vil Kongressen utnemne ein eigen spesialetterforskar, gjerne Mueller, som skal fortsette granskinga. Derfor er det kanskje noko av det dummaste Trump kan gjere i denne situasjonen.
Løkke meiner at eit slikt scenario ville hatt fleire parallellar til Watergate-skandalen.
– President Richard Nixon ønskte å fjerne spesialetterforskaren Archibald Cox, men både justisministeren og visejustisministeren nekta å utføre ordren. Dermed måtte Nixon fleire ledd nedover i systemet før han fann nokon som var villig til gi Cox sparken, forklarar Løkke.
Ein av dei som trur det er best at Mueller får halde fram i jobben, er den tidlegare sjefen av etikkrådet i Det kvite huset i Washington, Richard Painter.
Skulle Mueller bli fjerna, meiner Painter at det vil føre til «større hindring av rettferd».
– Det er rett og slett vanskeleg å sjå føre seg, men Trump har nærmast oppheva den politiske tyngdelova før, så heilt sikker kan ein aldri vere, avsluttar Løkke.