USA innfører sanksjonar mot Kviterussland

USA innfører sanksjonar mot Kviterussland for omdirigeringa av eit passasjerfly som vart tvinga til å lande i Minsk sist søndag. Like etter vart ein regimekritikar som var i flyet arrestert.

Jen Psaki

President Joe Bidens pressesekretær Jen Psaki siger at omdirigeringa av flyet er ein krenking av internasjonale normer.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters / NTB

I ei fråsegn frå Det kvite huset omtaler pressetalskvinne Jen Psaki omdirigeringa av Ryanair-flyet og den følgjande arrestasjonen av journalisten og aktivisten Roman Protasevitsj for ein «krenking av internasjonale normer».

Flyet med Protasevitsj om bord vart tvinga ned i hovudstaden i Kviterussland etter at piloten fekk beskjed om at det kunne vere ei bombe om bord. I tillegg gjekk kviterussiske jagarfly på vengene og følgde passasjerflyet som var på veg frå Hellas til Litauen. Berre to minutt før flyet nådde litauisk luftrom gjekk piloten med på å lande i Minsk.

Roman Protasevitsj

Roman Protasevitsj vart arrestert rett etter at flyet hans, som var på veg frå Hellas til Litauen, vart tvinga ned i Minsk. Protasevitsj bur i eksil i Litauen.

Foto: Europadio / AP / NTB

Nye, målretta sanksjonar

Dei amerikanske sanksjonane rettar seg mot ni kviterussiske statseigde selskap. Dei vart innførte i april etter at kviterussiske styresmakter slo hardt ned på demonstrasjonar mot president Aleksandr Lukasjenko, og skal tre i kraft 3. juni.

I tillegg samarbeider USA med EU om å utarbeide ei liste over nye, målretta sanksjonar mot sentrale personar i regimet til president Lukasjenko, seier Psaki.

Ho seier vidare at det blir skrive ein presidentordre for Joe Biden, som skal gi USA betre moglegheiter til å innføre sanksjonar mot delar av regimet, og «dei som støttar korrupsjon, brot med menneskerettane, og åtak på demokratiet», ifølgje Psaki.

Ryanair-fly tvunget ned i Minsk i Hviterussland

Det var 23. mai at dette Ryanair-flyet vart tvinga til å landa i Minsk i Kviterussland. Om bord var ein opposisjonell aktivist.

Foto: AP / NTB

Skal granskast

Omdirigeringa av flyet har vekt sterke reaksjonar internasjonalt, både i EU, USA, G7, Nato og FN. Det er sett i verk granskingar av hendinga. EU truar med harde sanksjonar mot Lukasjenkos regime.

Kviterussiske fly er alt stengde ute frå luftrommet over minst åtte EU-land. Det har ført til at minst eitt passasjerfly frå det kviterussiske flyselskapet Belavia torsdag måtte snu då flygeleiarar nekta det å fly over Frankrike på veg til Barcelona.

Fleire vestlege flyselskap har vegra seg for å fly over Kviterussland etter det, og har måtta kansellere flygingar til mellom anna Moskva fordi Russland ikkje har godkjent flyruter som inneber at dei flyr utanom Kviterussland.

Les og: Lukasjenko styrer Hviterussland med et russisk jerngrep

SISTE NYTT

Siste nytt