Leiaren for FNs våpeninspektørar, Hans Blix, seier at verda ikkje kan vere viss på at Irak ikkje har masseøydeleggingsvåpen. (Foto: Scanpix-Reuters-Herwig Prammer)
Tryggingsrådet i FN var i kveld samla for å få ei orientering om innhaldet i våpenrapporten frå Irak.
USA meiner at Irak har gjort seg skuldig i eit klart brot på FN-resolusjonen, på grunn av dei store manglane i våpenrapporten, opplyser FN-diplomatar til telegrambyrået Reuters.
Den amerikanske FN-ambassadøren heldt sitt innlegg etter at leiaren for FNs våpeninspektørar, Hans Blix, hadde lagt fram sitt syn på våpenrapporten.
Negroponte brukte uttrykket "material breach", som kan omsetjast som substansielt brot, og som kan brukast for å rettferdiggjere eit angrep, fortalde diplomatar som var til stades på det lukka møtet i Tryggingsrådet.
USA har likevel sagt at bruk av dette uttrykket ikkje skal tolkast som at dei straks vil gå til krig.
Ved å bruke det spesielle uttrykket har FN-ambassadør Negroponte likevel avfyrt opningssalven i det som truleg blir ein omfattande kritikk av Irak.
Mykje arbeid
FNs våpeninspektør Hans Blix sa til Tryggingsrådet at det gjenstår ein god del arbeid for å følgje opp den irakiske våpenrapporten, opplyste den britiske FN-ambassadøren, Jeremy Greenstock.
På ein pressekonferanse etter møtet sa Blix sjølv at våpenrapporten etterlet ei rekkje ubesvarte spørsmål, og er delvis inkonsistent.
Han sa også at verda ikkje kan vere viss på at Irak ikkje har masseøydeleggingsvåpen.
- Inspeksjonen i 1998 etterlet seg ei rekkje ubesvarte spørsmål. Denne rapporten gjev heller ingen svar på desse. Irak har gått glipp av sjansen til å gje rett dokumentasjon, slo Blix fast.
Bakteriar
Som døme på slike ubesvarte spørsmål sa Blix at Irak har oppgitt at landet har 8.500 liter miltbrannbakteriar.
Ekspertar meiner likevel at landet har hatt kapasitet til å produsere tre gonger så mykje.
- Då vi presenterte dette for Irak, sa dei at dei hadde øydelagt store mengder miltbrannbakteriar. Men dette har vi ikkje sett dokumentasjon på, sa Blix.
Våpeninspektørane frå FN vil halde fram med undersøkingane i Irak.