USA går for Fogh Rasmussen

USA støttar den danske statsministeren Anders Fogh Rasmussen som ny generalsekretær i NATO.

Anders Fogh Rasmussen
Foto: Sebastien Pirlet / REUTERS

Kilde: NRK/Reuters

Fogh Rasmussen har allereie fått støtte frå fleire andre land. Med støtte frå USA har han mange av dei største landa i NATO i ryggen.

Frå før har Tyskland, Storbritannia og Frankrike har uttrykt at dei ynskjer Fogh Rasmussen som generalsekretær.

Spekulerte i Støre

- USA har vurdert å gje stemma si til forsvarsministeren i Canada, Peter MacKay, men dette har amerikanarane no gått bort frå, seier ei kjelde frå Det kvite hus.

Tidlegare har det vore spekulert i Jonas Gahr Støre som en kandidat til toppjobben, men mykje tyder på at jobben går til dansken.

Toppmøte i april

Sentrale kjelder i NATO varslar ei offisiell utnemning av generalsekretær på toppmøtet 3. og 4. april.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt