Hopp til innhold

USA fjernar Cuba frå terrorlista

USAs president Barack Obama støttar eit vedtak om å fjerne Cuba frå USA si terrorliste. Det skjer etter fleire diplomatiske framstøyt frå begge landa den siste tida.

Obama og Castro håndhilste

Det var ei historisk hending som fann stad i Panama då USAs president Barack Obama handhelsa på sin cubanske kollega Raúl Castro førre fredag.

Foto: HANDOUT / Reuters

USAs president godtok å fjerne landet frå USA si terrorliste i kveld. Cuba var sett opp på lista over land som støtter terrorisme.

– Me vil framleis skilje oss frå cubanske styresmakter, men usemja vår fell utanfor kriteria som er relevante for om Cuba skal kallast ein sponsor av terror, seier Obama i ei fråsegn frå Det kvite hus.

Ein amerikansk tenestemann seier at avgjerda om å fjerne Cuba frå terrorlista, kjem etter forsikringar frå den kubanske regjeringa.

Stod nær Sovjetunionen

Historisk har dei to landa stått veldig langt frå kvarandre, og verst var det under den kalde krigen då det kommunistiske regimet på Cuba støtta Sovjetunionen.

Men dei siste månadane har mykje positivt skjedd mellom dei to landa, og under eit panamerikansk toppmøte i Panama før helga helsa presidentane i dei to landa på kvarandre.

Handtrykket var eit viktig symbol og bevis på at dei to landa er i ferd med å rive ned den usynlege muren som har vore mellom landa sidan 1961.

Ny politikk

USA har også mjuka opp dei mange sanksjonane som dei har påført Cuba, og Obama har vore tydeleg på at han vil føre ein annan politikk med Cuba enn tidlegare.

– Cuba er ingen trussel mot USA. Ein del av bodskapen min her er at den kalde krigen er over på Cuba, sa Obama etter møtet med Raúl Castro.

Cuba har stått på den såkalla svartelista til USA sidan 1982. Det inneber blant anna forbod mot våpeneksport og økonomisk støtte til landet.

SISTE NYTT

Siste nytt