NRK Meny
Normal

– USA er ein større våpeneksportør til afrikanske diktatorar enn Kina

Amerikansk våpeneksport til Afrika er mykje større enn den kinesiske. Og eksporten frå USA går langt oftare til diktatur, hevdar ein rapport om våpensal til Afrika.

Egyptisk opprør i januar 2011

Sjølv om det egyptiske regimet har handla store mengder våpen frå USA, klarte demonstrantane i landet å kvitte seg med president Hosni Mubarak tidlegare i år. Ifølgje to forskarar frå NTNU er ikkje eksporten av våpen frå USA til Afrika betre enn den eksporten Kina driv med i verdsdelen.

Foto: Amr Nabil / Ap

Kinesiske soldatar til Sudan

Kinesiske soldatar i trening før dei skal tenestegjere for FN i Sudan i 2007. At Kina samtidig eksporterer våpen til det krigsherja landet, får for stor merksemd, ifølgje ein rapport.

Foto: REINHARD KRAUSE / REUTERS
Egyptiske soldatar på veg til Tahrir-plassen

Egypt har handla store mengder våpen frå USA over lang tid. Her er egyptiske militære på veg til Tahrir-plassen under demonstrasjonane mot dåverande president Hosni Mubarak i februar.

Foto: Hussein Malla / Ap

I 2006 slo britiske The Economist fast at Kina øydelegg for vestlege forsøk på å skape demokrati i afrikanske land.

Dei påstod at Kina dullar med afrikanske diktatorar, og på den måten prøver å byggje opp seg sjølv som stormakt .

Men når det gjeld å selje våpen til afrikanske diktatorar, blir Kina kraftig forbigått av USA.

– Det er systematisk mindre sannsynleg at USA vil selje våpen til land som respekterer demokrati og menneskerettar, seier professor Indra de Soysa ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU.

Han har skrive ein rapport om våpensal til Afrika saman med kollega Paul Midford. I rapporten slår dei fast at det kinesiske engasjementet i Afrika ikkje er nokon trussel mot demokrati i verdsdelen.

Funna snur opp ned på normal oppfatning av det kinesiske engasjementet i Afrika.

– Folk trur at fordi Kina er eit udemokratisk land, vil dei selje våpen til andre udemokratiske land, og at USA vil gjere det omvendte, sa den Hong Kong-baserte forskaren Barry Sautman til nettstaden China in Africa: The Real Story då rapporten kom.

Rapporten viser nettopp at USA i større grad enn utskjelde Kina sel våpen til land som ikkje har god historikk når det kjem til demokrati og menneskerettar.

Egypt:

Det folkerike landet nordaust på det afrikanske kontinentet var styrt av president Hosni Mubarak i nesten 30 år før han gjekk av 11. faburar i år .

Makta i det egyptiske regimet har vore delt mellom presidenten og statsministeren i mange tiår, men i praksis har presidenten hatt det meste av makta. Presidentvalet har stort sett hatt berre ein kandidat.

USA har ifølgje tal frå SIPRI selt våpen til Egypt kvart år mellom 1989 og 2006, alle år som inngår i rapporten frå de Soysa og Midford. Våpensalet frå USA til Egypt utgjorde størstedelen av alt salet frå USA til Afrika.

Tunisia:

Styresmaktene i det nordafrikanske landet har slått hardt ned på opposisjonen gjennom 1980- og 1990-talet etter at tidlegare president Zine al-Abidine Ben Ali tok makta i eit kupp i 1987.

Dei mange opprøra i den arabiske verda det siste halvåret har henta inspirasjon frå ein tunisiar som sette fyr på seg sjølv i protest mot regimet i Tunisia.

Mannen var frustrert over høg arbeidsløyse, stigande matprisar, korrupsjon og manglande ytringsfridom

Ben Ali vart jaga frå landet 14. januar i år , men før det hadde USA og Tunisia handla våpen nesten årleg.

Marokko:

Enda eit nordafrikansk land med grense mot Middelhavet hamnar høgt på listene over våpenhandelspartnarane til USA.

Som i mange andre nordafrikanske land, starta protestane for politisk endring også i Marokko i vinter. Demonstrantane som gjekk ut i gatene 20. februar krevde mellom anna at Kong Mohammed VI skulle få mindre makt.

Han tok over trona etter faren kong Hassan II, som sat med makta sidan 1961. Marokko har både parlament og ein uavhengig domstol.

Landet har kjøpt våpen frå USA ved 11 høve mellom 1989 og 2006.

Algerie:

Demonstrasjonar har ikkje vore lov i Algerie etter 1992, og regimet i Algerie slo kraftig ned på demonstrasjonar mot presidenten Abdelaziz Bouteflika i februar.

Demonstrantane krevde at presidenten skulle gå av på grunn av høg arbeidsløyse, bustadmangel og stigande prisar.

Ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA vart ikkje demonstrasjonane like omfangsrike som i nabolanda fordi mange algeriarar frykta at valden som herja under borgarkrigen på 1990-talet skulle blusse opp på ny.

Krigen kosta fleire enn 100.000 menneskeliv. USA selde våpen til Algerie fem gonger mellom 1989 og 2002.

Nigeria:

Goodluck Jonathan vart vald til president i landet 19. april i år, men har site som president sidan tidlegare president Umaru Yar'Auda døydde for litt over eitt år sidan .

Yar'Auda var rekna for å vere eit friskt pust etter åtte år med korrupt styre. Han klarte mellom anna å roe ned situasjoenn i det urolege Niger-deltaet, der den største olje- og gassindustrien i Afrika ligg.

I perioden før Jonathan valet var det fleire valdelege episodar i landet. Etniske og religiøse samanstøytar har herja landet sidan før nyttår.

Nigeria har handla våpen med USA åtte gonger mellom 1993 og 2003.

Våpensal til 23 land

I tillegg til desse fem landa, har USA selt våpen til 18 andre afrikanske land mellom 1989 og 2006.

Av desse finst land som:

  • Elfenbeinskysten, som har slite med borgarkrig og politisk uro mellom nord og sør.
  • Angola , som var herja av borgarkrig i 27 år mellom 1975 og 2002.
  • Tsjad , som er naboland til krigsherja Sudan og deler grense i Darfur-området.
  • Togo , der president Étienne Eyadéma sat med makta i 38 år etter å ha etablert militærdiktatur i 1967.
  • Djibouti, der det var eittpartistyre fram til 1991 og borgarkrig mellom 1991 og 1994.

– USA-sal blir bagatellisert

Samtidig hevdar de Soysa og Midford at Kina i større grad sel våpen til demokratiske land. Dei hevdar også på at landa Kina sel våpen til, har betre referansar når det kjem til menneskerettar.

Kinesisk våpensal til Sudan gjennom 1990-talet støttar ikkje denne teorien. Men forfattarane bak rapporten peikar på at Kina langt frå er landet som sel flest våpen til Sudan, og viser mellom anna til at Russland sel fem gonger så mykje våpen.

Robert Mugabe på møtet i Den afrikanske union

Presidenten i Zimbabwe, Robert Mugabe, har site med makta sidan 1987, og kan støtte seg til Kina når han vil handle våpen. Men han har andre alternativ, peikar forfattarane av rapporten på.

Foto: Nasser Nasser / AP

Størst våpeneksportør er Kina derimot i Zimbabwe, der president Robert Mugabe har styrt med hard hand sidan 1987. Her peikar rapporten på at Kina ikkje er åleine om å eksportere våpen til landet, og at dei neststørste eksportørane ikkje er langt bak.

Ifølgje rapporten har Storbritannia og også USA selt våpen til Zimbabwe, utan at det har fått like mykje merksemd som det kinesiske salet.

– Det viser at den kinesiske rolla som våpenlangar til harde regime i Afrika har vore overdriven, medan rolla til USA har blitt bagatellisert, skriv de Soysa og Midford.

– Kina sel til demokrati

Vidare peikar dei på at Kina i tillegg er ein stor våpeneksportør til land som er mykje meir demokratiske og tolerante.

Dei viser mellom anna til Zambia, som kjem godt ut både når det gjeld demokrati og menneskerettar, som Kina har selt store mengder våpen til.

Dette våpensalet er ifølgje de Soysa og Midford ikkje eksponert i vestlege media, på same måte som deira sal til Namibia ikkje har vore det. Kina selde store mengder våpen til Namibia etter at landet vart sjølvstendig i 1990.

Også våpensal til Tanzania får positiv omtale i rapporten, der våpensalet blir kopla til samtidig bygging av infrastruktur og generell pengestøtte.

– Dette viser at det kinesiske engasjementet i Afrika ikkje trugar demokratiet, spesielt når vi ser korleis USA støttar land med eineherskarar, konkluderer de Soysa og Midford i rapporten.

Ikkje Kina-forsvar

Dei to avsluttar med å erklære at rapporten deira ikkje er laga for å hevde at det kinesiske engasjementet i Afrika skal hjelpe demokrati og menneskerettar å få betre feste.

Rapporten er heller meint å vere ei motvekt til meldingar om at Kina støttar einevelde, hevdar forfattarane.

– Ifølgje våre funn kan det sjå ut som at frigjering, demokrati og menneskerettar ikkje er prioritert i våpenpolitikken til USA. Det ser heller ikkje ut som at Kina sine økonomiske motiv i Afrika er ein trussel mot demokratiet, skriv dei.

De Soysa forklarar at USA sine våpensal kan ha samanheng med deira rolle som verdspoliti, og viser til at det er fornuftig å flest våpen der det er mest uro.

Kina har, på si side, ingen front mot terrorisme, og heller inga rolle som verdspoliti.

Dessutan er det, ifølgje de Soysa, mange faktorar å ta omsyn til når ein vel å selje til eit einevelde, og han hevdar at det er mange logiske argument som kan gjere det fornuftig å selje til eit slikt land, utan at desse argumenta blir formidla.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt