Hopp til innhold

USA ber OPCW fordømme Syria

Eit krisemøte om situasjonen i Syria har byrja i hovudkvarteret til Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW). USA ber organisasjonen om å fordømme Syria i samband med eit påstått kjemisk angrep i Syria.

NETHERLANDS-BRITAIN-RUSSIA-ESPIONAGE-OPCW

FREDSPRISVINNAR: OPCW, Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, fekk fredsprisen i 2013

Foto: LEX VAN LIESHOUT / AFP

– Det er på tide at organisasjonen fordømmer Syria for kjemisk terror, og at den krev at dei skuldige blir stilt til ansvar, sa USAs ambassadør Kenneth Ward.

Ward er USAs utsending ved OPCW sitt hovudkvarter i Haag i Nederland

Og ambassadørane frå mellom anna Russland, Storbritannia og USA kom for å diskutere påståtte bruken av kjemiske våpen i Syria.

Våpeninspektørane til OPCW i gang med å etterforske angrepet, men Ward fryktar Russland har besøkt anlegget som vart bomba i Douma, og at dei har tukla med bevis.

Vestlege land meiner Syria har brukt kjemiske våpen i Douma, noko regimet avviser. Hendinga var årsaka til at USA, Storbritannia og Frankrike angreip syriske militære mål med rakettar natt til laurdag.

OPCW har registrert 390 skuldingar om bruk av kjemiske våpen i Syria sidan 2014, seier Storbritannias utsending. EU ber samtidig Russland og Iran om å hjelpe til med å hindre framtidig bruk av kjemiske våpen.

SISTE NYTT

Siste nytt