Hopp til innhold

USA aukar presset på Nord-Korea

USA sender to krigsskip til farvatnet utanfor Nord-Korea i samband med ei planlagd nordkoreansk rakettoppskyting.

USS "John McCain" er eitt av skipa som blir sendt til Japanhavet.

USS 'John McCain er eitt av skipa som blir sendt til farvatnet utanfor Nord-Korea.

Foto: Yonhap / REUTERS

Styresmaktene i Pyongyang seier dei skal skyte opp ein kommunikasjonssatellitt mellom 4. og 8. april.

Dei amerikanske marinefartya har kapasitet til å lokalisere og å skyte ned ein slik rakett.

Eitt av skipa er destroyeren USS "John McCain", oppkalla etter presidentkandidaten og krigshelten med same namn.

Skalkeskjul

USAs president Barack Obama

USAs president Barack Obama er uroa over den planlagde nordkoreanske rakettoppskytinga.

Foto: Ron Edmonds / AP

USA, Japan og Sør-Korea trur dette er eit skalkeskjul for ei prøveoppskyting av ein Taepodong 2-rakett, eit landgtrekkjande våpen som kan må mål så langt borte som i Alaska i USA.

I går kveld vart det meldt at raketten alt er på plass i utskytingsrampen på anlegget Musudan-ri på nordaustkysten av Nord-Korea.

Samstundes aukar temperaturen også i munnbruken mellom Nord-Korea og delar av det internasjonale samfunnet. Både USA, Sør-Korea og Japan har varsla at dei vil ta opp rakettoppskytinga i Tryggingsrådet i FN.

Dette fekk ein talsmann i det nordkoreanske utanriksdepartementet til å seie landet vil tolke dette som ei fiendtleg handling, og at dei ser på som eit brot på avtalen om at den koreanske halvøya skal vere ei atomfri sone.

Heile dette arbeidet vil bli gå tilbake til start, og dsterke og nadusynte tiltak blir sette i verk, heiter det i fråsegna frå Pyongyang.

Atomanlegg

I klartekst betyr dette at Nord-Korea vil starte opp igjen eit atomanlegg som produserer oppgrada uran til bruk i atomvåpen. Atomanlegget vart stengt etter at det vart inngått ein avtale med den såkalla sekslandsgruppa, USA, EU, Japan, Sør-Korea, Kina og Russland, i 2005.

Det blir også stans i alle samtalar i den såkalla sekslandsgruppa.

Denne krisa blir ein stor utanrikspolitisk test for USAs president Barack Obama. Nord-Korea har vore ei vanskeleg sak for fleire ameriknske presidentar.

No får Barack Obama dette problemet rett i fanget.

Det er her på dette anlegget utskytinga skal gå føre seg.

1. Det er her på dette anlegget utskytinga skal gå føre seg.

Foto: KCNA / AP

SISTE NYTT

Siste nytt