Hopp til innhold

USA åtvarar mot reiser til Thailand

USA ber sine statsborgarar om ikkje reise til Thailand, og dei ber amerikanske borgarar i Thailand om å avbryte opphaldet sitt i landet.

Protest mot militærkuppet i Bangkok.

Politiet greip ikkje inn mot denne demonstrasjonen i sentrum av Bangkok i dag.

Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters

Det nye amerikanske reiserådet er truleg meir basert på politikk enn på tryggleiken til dei reisande. I går stansa USA ei militær støtte til landet verd 3,5 millionar dollar i protest mot at hæren torsdag gjennomførte eit militærkupp i Thailand.

Noreg har ikkje endra reiserådet for Thailand, men ber nordmenn i landet om å unngå store folkemengder og demonstrasjonar. På nettsidene til den norske ambassaden i Thailand blir det dagleg lagt ut informasjon.

Spent – men roleg

Demonstrasjon i Bangkok.

Slett ikkje alle er nøgde med militærkuppet, slik denne kvinna gir tydeleg uttrykk for.

Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp

NRKs Asia-korrespondent Anders Magnus er i Bangkok. Han fortel at det er spent, men likevel i hovudsak roleg i byen. For kort tid sidan var vitne til ein demonstrasjon mot kuppmakarane der fleire hundre menneske deltok.

Politiet greip ikkje inn, fortel han, men dei har gitt klar beskjed om at dersom demonstrantane byrjar å marsjere i gatene, så blir dei stansa. Kuppmakarane har forbode alle demonstrasjonar eller politiske markeringar med meir enn fem deltakarar.

Store delar av den politiske eliten i Thailand sit no i husarrest, blant dei den avsette statsministeren Yingluck Shinawatra. Hæren har gjort det klart at det kan vere naudsynt å halde henne i husarrest i ei vekes tid.

LES OGSÅ: Kuppet lever også på Facebook

LES OGSÅ: Thailands eksstatsminister pågrepet

Fungerande statsminister

Den engelskspråklege thailandske avisa Bangkok Post melder at kuppsjefen Prayth Chan-ocha er venta å halde fram som statsminister i ei tid framover.

NRK.no snakke i går ettermiddag norsk tid med fleire nordmenn som bur i det nordlege Thailand, i område der dei såkalla Raudskjortene har mange tilhengjarar. Dei hadde inntrykk av at eit fleirtal også der var letta over militærkuppet, og at alt var roleg.

LES OGSÅ: De fleste i Bangkok støtter militærkuppet

LES OGSÅ: Trygt å reise til Thailand

Demonstrasjon i Bangkok.

Fleire har brote forbodet mot demonstrasjonar i Thailand i dag, men politiet har ikkje gripe inn.

Foto: Wason Wanichakorn / Ap

Ein nordmann som bur like utanfor heimbyen til Shinawatra-familien, Chin Mai, seier at alt er roleg i byen. Han fortel at det var stort oppbod av politi og militære på kuppdagen torsdag. Då vart bilar sjekka med bombespegel, kan han fortelje. Fredag var det langt rolegare, og det var langt færre politifolk og militære å sjå i området.

Fjernsynet i svart

– Det verkar på meg at det som engasjerer folk mest i samband med kuppet, er at alle fjernsynskanalen må formidle sendingane til hæren sin fjernsynsstasjon, seier han. Mange er også redde for at Internett skal bli stengt, slik det har gått hardnakka rykte om.

I dag melder Bangkok Post at dei fleste lokale fjernsynsstasjonane har starta normale sendingar igjen, men at utanlandske kanalar framleis er i svart.

LES OGSÅ: De fleste i Bangkok støtter militærkuppet

LES OGSÅ: Trygt å reise til Thailand

SISTE NYTT

Siste nytt