USA åtvarar Europa om Huawei

Å bruke teknologi frå Huawei kan øydelegge europeiske lands forhold til USA, sa USAs utanriksminister då han besøkte i Ungarn. Der har Huawei sikra seg retten til å bygge ut landets 5G-nett. Det kan også skje i Noreg.

USA-CHINA/HUAWEI

Huawei kan forkludre forholdet mellom Europa og USA, åtvarar USAs utanriksminister, Mike Pompeo. Her eit illustrasjonsbilete av Huaweis logo oppå flagga til EU og USA.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

USAs utanriksminister Mike Pompeo er på besøk i Ungarn der Huawei har bygd ein hub – eit slags knutepunkt – for sitt arbeid i Europa. Ved denne huben vert det lagd planar om å styrke arbeidet med å bygge opp 5G-nettverk rundt om i Europa.

– Eg har snakka om farane ved å tillate Kina å etablere eit bruhovud i Ungarn, sa Pompeo etter møtet med sin ungarske kollega, Péter Szijjártó, som også er minister for handel.

Hungary United States

Ungarns minister for utanriks og handel, Péter Szijjártó, tok mot USAs utanriksminister Mike Pompeo som i går var på besøk i Budapest.

Foto: Zsolt Szigetvary / AP

PST og Pompeo åtvarar mot Kina

Ungarn har gitt Huawei løyve til å byggje ut 5G-nettverk i landet, ei utbygging ein ventar vil vere ein revolusjon for mobilteknologien. Noreg står overfor same avgjersle, og Huawei er ein aktuell utbyggjar. 5G-nettet er venta å kvitte seg med all forseinking, og kan difor også opp for at til dømes ein kirurg kan utføre ein operasjon, sjølv om han er milevis unna.

Seinast førre veke åtvara Politiets tryggingsteneste (PST) mot å bruke Huawei som utbyggjar for dette nettverket, sidan Noreg ikkje har ein tryggingspolitisk avtale med Kina, og sidan Kina driv med etterretning i Noreg. Å la eit kinesisk firma, som har band til regimet, få bygge ut det norske mobilnettet er noko PST stiller spørsmål ved.

Det same gjer altså USAs utanriksminister Mike Pompeo, som meiner eit europeisk samarbeid med Huawei kan skade USA.

– Om det utstyret vert plassert på stader kor me har viktige amerikanske system, så blir det vanskeleg for oss å vere forretningspartnar ved sidan av dei, seier Pompeo, som understrekar at Ungarn og andre land bestemmer heilt sjølve kva dei vil gjere.

Ungarn vil ikkje snu

Pompeo meiner USA er nøydd til å klargjere kva det betyr om land inngår samarbeid med Huawei, og at det då er ein risiko for færre samarbeidsmoglegheiter med Amerika om Huawei er ein stor del av biletet. Han meiner også det er avgjerande at USA deler den informasjonen dei har om Huawei med sine allierte i Nato.

Ungarn har på si side gjort det klart at det er uaktuelt for dei å revurdere tildelinga av 5G-utbygginga til Huawei, skriv nettstaden VOA.

HUAWEI-EUROPE/POLAND

Storebror i Kina ser deg? Fleire er uroa for dei tette banda mellom Huawei og kinesiske styresmakter. Mellom anna meiner PST at det er grunn til å vere merksame på Huawei, som er blant selskapa som kjemper om å få bygge ut Noregs nye supernett.

Foto: Jason Lee / Reuters

Huaweis posisjon i den europeiske mobilmarknaden har dei siste månadane skapt mykje debatt i fleire europeiske land, og USA har bidrege til å legge eit stort ytre press på sine europeiske allierte.

I Kina meiner mange at USAs motvilje også handlar om å skape betre konkurransevilkår for amerikanske firma. Dette avviser USA, som meiner Kina har hatt store planar om å bruke kinesiske firma til å drive overvaking i andre land.

Huawei avviser

PSTs sjef Benedicte Bjørnland seier det er grunn til å tru at det er tette band mellom Huawei og kinesiske styresmakter, og at det difor er god grunn til å vurdere om eit slikt firma skal stå ansvarleg for såpass viktig infrastruktur som eit moderne mobilnett.

Huawei Majorstua

I Majorstuakrysset i Oslo reklamerer Huawei. Den kinesiske mobilgiganten har hatt suksess i ein rekke land, deriblant Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Huawei Noreg har på si side sagt at informasjon ikkje hamnar hos kinesiske styresmakter.

– Me ser også at uroa om at informasjon frå våre norske system kan komme kinesiske styresmakter i hende er blant påstandane som går igjen i debatten. Vår klare vurdering er at dette ikkje er tilfellet, har tryggingssjef i Huawei Noreg, Tore Larsen Orderløkken, sagt til NRK.

Han legg også til at Huawei ikkje har hatt nokre større tryggingshendingar i Noreg dei siste ti åra, og at dei ikkje gjev andre styresmakter tilgang til informasjon frå sine brukarar eller kundar.

  • I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at det allereie er bestemt at Huawei skal bygge ut 5G-nettet i Noreg. Dette er ikkje riktig. Dei er ein av fleire aktuelle utbyggjarar.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt