Hopp til innhold

Uroa spreier seg i Nigeria

Den religiøse uroa i Nigeria har spreidd seg til den sørlege delen av landet. Fem menneske er drepne i uro Benin City, og i dag vart ein moskè sett i brann.

Uroa i Nigeria eri ferd med å kome ut av kontroll.

Det er auka frykt for borgarkrig i Nigeria, det mest folkerike landet i Afrika. Dette er frå uro i den største byen i landet, Lagos.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Over 10.000 menneske har flykta frå heimane sine, opplyser generalsekretæren i Røde Kors i delstaten Edo, Dan Enowoghomwenwa. Angrepa i dette området starta måndag i samband med dei landsomfattande protestane mot at subsidiane på drivstoff er tekne bort.

Fem menneske er drepne og minst seks såra i uroa.

Angreip ein moskè

Demonstrasjon mot subsidiekutt i Lagos i Nigeria.

Ein demonstrant ropar slagord mot subsidiekutt under ein demonstrasjon i Lagos.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

Ei gruppe demonstrantar skilde lag med dei andre i subsidiedemonstrasjonen. Dei tok seg til eit muslimsk område gjekk til angrep på ein moskè, og dei trakasserte lokale innbyggjarar frå Hausa-stammen. Dette er den største etniske gruppa i det nordlege Nigeria, og dei aller fleste er muslimar.

Augevitne fortel at ein islamsk skule like ved ein moskè vart sett i brann i dag, og ein av bygningane tilhøyrande moskeen vart også sett fyr på. Også ein buss som stod på utsida brende opp.

Angrepa mot moskeen i Benin er truleg ein reaksjon på at den islamistiske militsen Boko Haram har gjennomført fleire angrep mot kristne i det nordlege Nigeria den siste tida. Sidan jul er minst 80 kristne drepne av Boko Haram.

I dag har ei gruppe menn, truleg frå Boko Haram, skote og drepe åtte menneske, blant dei minst fire politifolk, i ein pub i Kano i det nordlege Nigeria.

Vil jage ut dei kristne

Målet til gruppa er å jage alle kristne ut av det nordlege Nigeria, og dei har trua med å drepe alle som ikkje gjer det. Nigerias 180 millionar innbyggjarar er 50 prosent kristne og 50 prosent muslimar. Den sørlege delen av landet er dominert av kristne, medan det i den nordlege delen er flest muslimar.

Leiaren for samanslutninga av kristne i Nigeria sa etter eit møte sist helg at dei kristne no vil diskutere måtar dei kan forsvare seg mot Boko Haram.

Nigerias president Goodluck Jonathan

Nigerias president Goodluck Jonathan er redd for ein ny borgarkrig i Nigeria.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Politiske observatørar i Nigeria trur at Boko Haram nettopp prøver å framprovosere motaksjonar frå dei kristne, for dermed å ha ei orsaking for å gå endå hardare til verks mot dei.

Nigerias president Goodluck Jonathan, som sjølv høyrer til den kristne folkegruppa, sa søndag at situasjonen i Nigeria no er verre enn under borgarkrigen , som herja landet på 1960-talet. Han er redd for at landet kan vere på veg mot ein ny borgarkrig.

Soyinka fryktar borgarkrig

Den verdskjende nigerianske forfattaren Wole Soyinka, som fekk Nobelprisen i litteratur i 1986, er også redd for at landet igjen er på veg mot borgarkrig.

– Når du har ein situasjon der ei gruppe personar kan gå inn i ei kyrkje med folk i bøn, og skyte rundt seg, då har du nådd eit dystert vendepunkt i livet til ein nasjon, seier ein nedtrykt Wole Soyinka.

Den nigerianske forfattaren Wole Soyinka.

Nobelprisvinnaren Wole Soyinka er uroa over det som skjer i Nigeria.

Foto: Sunday Alamba / Ap

Den kjende forfattaren meiner at det ei god stund har kome signal om at den islamistiske militsen Boko Haram ville gå til aksjon.

– Det er folk med makt i visse delar av landet, leiarar som er fulle av hat mot andre religionar, og som ikkje tolererer andre religionar enn sin eigen, seier han.

– Har støtte i regjeringa

President Goodluck Jonathan sa søndag at det var folk både i regjeringa, i parlamentet og ved domstolane som støtta Boko Haram.

– Ungdomar som har bliitt indoktrinerte heilt frå dei var små, kan brukast, og har blitt brukt, igjen og igjen til å skape kaos i landet, seier Wole Soyinka. Og han legg til:

– Dei som har skapt denne ansiktslause hæren, har mist kontrollen over han.

Det er stor frykt blant mange i Nigeria at raseriet som rettar seg mot kuttet av subsidiane på drivstoff, lett kan føre til at religiøse og etniske grupper kan gå laus på kvarandre. Dette kan føre landet inn i ein ny blodig borgarkrig.

LES OGSÅ: Seks drepne i nytt kyrkjeangrep

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt