Hopp til innhold

Politiet knyter uroa i Sverige til kriminelle gjengar

Opptøyane i Sverige er inne i sin fjerde dag på rad. 26 politifolk er skadde, og både bilar og ein skule er tend på. Politiet meiner kriminelle gjengar står bak.

4kMpTQlzCgU

Politiet var på plass ved Rosengård i Malmö søndag kveld, etter fleire påsette brannar.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Politisjefen i Sverige er knallhard i sin kritikk mot demonstrantane som i fleire dagar har skapt uro i Sverige. Han meiner dei ikkje kan kallast vanlege demonstrantar, men at det i stor grad er snakk om gjengmedlem og kriminelle.

– Livsfarlege angrep er retta mot oss, seier politisjef Anders Thornberg.

Han seier angrepa dei siste dagane er meir retta mot politiet enn mot den danske islamkritiske politikaren Rasmus Paludan. Han har skapt sinne i Sverige den siste veka fordi han mellom anna har tent på koranen.

Fleire bilar var i brann i Malmö søndag kveld.

Fleire bilar var i brann i Malmö søndag kveld.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Natt til måndag vart det på ny bråk mellom politiet og personar som utøvde vald. Dette skjedde mellom anna i Norrköping og Linköping, der Paludan hadde varsla at han ville halde nye markeringar.

Paludan sine markeringar vart avlyste, men likevel fortsette valdsbruken og bråket som har vore i Sverige dei siste dagane.

Paludan er ikkje skulda for å ha gjort noko ulovleg, og politiet seier at sjølv om dei forstår at meiningane til Paludan kan vere provoserande, så har han lov til å ytre dei. Politiet understrekar at all bruk av vald ikkje kan aksepterast som respons på Paludan sine ytringar.

– Likegyldige til politifolks liv

Det var spesielt i Malmö at valden eskalerte i går kveld. Fleire personar sette fyr på bildekk og søppelkasser ved Rosengård i Malmö, skriv Aftonbladet.

26 svenske politifolk er skadde eller uroa i Sverige gjennom påska.

14 sivile er skadde, og 20 av politiets køyretøy er anten skadde eller øydelagde.

Politisjefen meiner demonstrantane viser at dei er likegyldige til politifolk sine liv. Han meiner dette er noko anna enn tidlegare uro som Sverige har vore vitne til.

– Dette er grov vald som rettar seg mot liv og eigedom, og spesielt mot politiet. Dette er ingen vanlege motdemonstrantar. Me har sterke mistankar om at dei som går til angrep på politiet og redningsteneste har tilknyting til kriminelle gjengar, der det finst individ som ikkje tek avstand frå bruk av skytevåpen, seier Thornberg.

Rikspolitisjef Anders Thornberg og kommanderingssjef Jonas Hysing.

Politisjef Anders Thornberg (t.h.) og operativ leiar Jonas Hysing seier enkelte av angrepa mot politiet kan kallast for drapsforsøk.

Foto: Fredrik Persson/TT / NTB

– Dette har ingenting med protestar å gjere, men det er eit uforsvarleg angrep på vår rettsstat og demokrati, legg politisjefen til.

Politiet meiner det kjem oppmodingar frå utlandet om at demonstrantane skal bruke vald mot politiet.

Kasta stein og sette fyr på ting

– Dei har til og med dratt med seg tilhengarar frå ein bensinstasjon og sett fyr på dei, seier pressetalsperson Patric Fors i Politiregion sør til nyheitsbyrået TT.

Rundt hundre personar var involverte i hendinga i Malmö, sa politiet til Sydsvenskan.

Fleire kasta stein mot politiet, som skreiv på nettsidene sine at fleire bilar brann i området.

Like etter midnatt vart også ein skule tent på. Politiet fekk sikra området slik at brannmannskap kunne ta seg fram til staden.

Det er nye opptøyar i Sverige søndag. Politiet har fyrt av fleire varselskot.

Det er nye opptøyar i Sverige søndag. Politiet har fyrt av fleire varselskot.

Politisjef Thornberg seier at politiet skal gjere alt for å slå ned på valden, og at dei skuldige skal få lange straffer.

– Dette er alvorlege symptom på eit større problem me har i Sverige. Rekrutteringa til gjengar held fram, barn blir lokka til å bli med i gjengar lenge før dei rekk å bli myndige. Her må samfunnet reagere meir resolutt, seier Thornberg.

Tre personar trefte av skot

Det var også bråk andre stader i Sverige. Rundt klokka 18 i går kveld skreiv avisa Norrköpings Tidning at tre personar hadde blitt skotne av politiet i Navestad i Norrköping.

Politiet avviste opplysningane, men bekrefta seinare at tre personar blei trefte av rikosjettar frå varselskot som vart skotne ut.

Person skoten i Norrköping

SKOTEN: Politiet opplyser at ein man kan ha blitt treft av ein rikosjett i beinet når politiet fyrte av eit varselskot.

Foto: STEFAN JERREVANG / AFP

Dei tre blei sende til sjukehus, men utan livstrugande skader, skriv Aftonbladet. Alle tre er arresterte og sikta for brotsverk.

Det var også fleire hendingar i Norrköping i går kveld. Aftonbladet skreiv at ein fotograf blei angripen og fråstolen kameraet sitt.

Politiet fyrte også av varselskot tidlegare same kveld, i den same bydelen i Norrköping. Dette skjedde etter det politiet omtalar som eit «kraftig opprør» starta. Dei skreiv også at ein bil stod i brann i bydelen og at dei hadde helikopter på staden.

Norrköping bil i brann

BRANN: Ein bil står i brann i Norrköping i Sverige.

Foto: Stefan Jerrevång/TT / NTB

Opptøyar i Linköping

Også i Linköping har det vore opptøyar søndag. Region Östergötland opplyser att ti personar har blitt skadde under opptøyane i Linköping og Norrköping. Dei er alle sende til sjukehus.

Aftonbladet skreiv at situasjonen i Linköping roa seg i løpet av kvelden. Expressen skreiv at politi blei flytta frå Linköping til Norrköping.

– Ved 18:30-tida var stemninga mykje rolegare i Skäggetorp. Totalt har no 14 personar blitt arresterte, skriv politiet.

Rundt 200 personar tok del i opptøyane.

FILM: Difor kokar det i Sverige no.

Var ikkje til stades i byane

Ifølgje politiet har Paludan ikkje fått løyve til å halda nokon av samlingane han planla søndag, skriv NTB.

Rasmus Paludan fra partiet Stram Kurs ser foreløpig ikke ut til å komme inn i Folketinget.

MARKERING: Den danske politikaren Rasmus Paludan frå det høgreekstreme partiet Stram kurs.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

Rasmus Paludan skeiv i eit innlegg på Facebooksida til Stram Kurs at han bestemte seg for å avlysa demonstrasjonane i Linköping og Norrköping søndag.

Paludan er leiar i det høgreekstreme danske partiet Stram kurs og er no på såkalla valturne i Sverige. Det er valår i Sverige, og Paludan forsøkte same framgangsmåte under valet i Danmark i 2019.

Les også – Jeg tar sterkt avstand fra Rasmus Paludans sirkus

Rasmus Paludan

For eit par år sidan fekk Paludan svensk statsborgarskap og registrerte Stram kurs som politisk parti i Sverige. Paludan har seinare kunngjort at han vil stilla opp ved valet i Sverige i september.

Det heile starta torsdag då Paludan skulle halda ein markering i Linköping.

Fredag blei fleire politifolk skadde i samanstøyt med motdemonstrantar i den svenske byen Örebro.

Ved midnatt laurdag brann det fleire stader i bydelen Rosengård i Malmö. Laurdag var ein ny demonstrasjon planlagt i Landskrona. Den vart flytta til Skånegården i Malmö.

DEMONSTRASJON: Motdemonstrantar bryt seg gjennom avsperringane i Malmö.

DEMONSTRASJON: Motdemonstrantar bryt seg gjennom avsperringane i Malmö.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

SISTE NYTT

Siste nytt