NRK Meny
Normal

Uro i Libya eitt år etter starten på oppstanden

Eitt år etter at oppstanden mot regimet til Muammar al-Gaddafi starta i Libya er det framleis væpna oppgjer i landet. Fleire titals menneske er drepne i kampar den siste veka.

Feiring i Benghazi eitt år etter den første store demonstrasjonen.

Feiringa starta alt torsdag kveld i opprørsbastionen Benghazi.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

Kamphandlingane mellom rivaliserande stammar i den søraustlege delen av Libya har rasa heile den siste veka. Det nasjonale overgangsrådet har ikkje greidd å få kontroll over dei tynt busette ørkenområda i søraust, og det gjeld også for fleire andre område i landet.

Zwai mot Tibu

Feiring i Benghazi Libya eitt år etter at opprøret starta.

Både born og vaksne deltok i feiringa i Benghazi.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

I søraust er det Zwai-stammen som står mot Tibu-stammen. Tala på drepne varierer, men ei kjelde blant tibuane snakkar om 55 drepne og over 100 såra blant hans folk.

Dette skjer samstundes med at Libya i dag markerer årsdagen for starten for opprøret mot Muammar al-Gaddafi. 17. februar i fjor vart den første store demonstrasjonen mot Gaddafi-regimet halden i det som skulle bli sjølve opprørsbastionen, Benghazi.

Det starta med demonstrasjonar, men det kom raskt til blodige samanstøyt. Regimet sette inn tungt skyts mot opprørarane i Benghazi, og dette leidde til at NATO gjekk inn i konflikten og kjempa mot regimet frå lufta.

Benghazi kom raskt på opprørarane sine hender, og konflikten heldt fram heilt til Muammar al-Gaddafi vart drepen i fødebyen Sirte 20. oktober i fjor.

Mangel på kontroll

Mustafa Abdul Jalil

Mustafa Abdul Jalil er leiar for Det nasjonale overgangsrådet i Libya.

Foto: BEN STANSALL / Afp

I går kom ein rapport frå Amnesty International om at Det nasjonale overgangsrådet ikkje har kontroll over militsgruppene, og at mange har blitt torturert til døde av væpna grupper i landet.

I dag planlegg overgangsrådet stor festivitas i fleire byar i Libya, ikkje minst i opprørshovudstaden Benghazi og hovudstaden Tripoli. Det er sett opp vegsperringar for å hindre at «ulydige» militsgrupper skal forstyrre feiringa, melder BBC.

Regjeringa har gjort det klart at dei ikkje blir halde militærparadar i samband med årsdagen, av respekt for dei som vart drepne under opprøret mot Gaddafi-regimet.

I Benghazi veset i landet, der opprøret altså starta for eitt år sidan, byrja feiringa alt torsdag kveld. Folk køyrde rundt i bilane sine, tuta med hornet, viste V-teiknet og vifta med det nye libyske flagget. Andre skaut opp fyrverkeri.

LES OGSÅ: - Terrorgruppe avslørt i Tunisia

LES OGSÅ: Fanger holdes på ukjent sted

Krølltopp-prosesjon

Born hadde kledd seg ut som englar, medan dei ropte: – Vi er leie oss, Krølltopp. Krølltopp var kallenamnet på Muammar al-Gaddafi, og engletoget var ein slags sarkastisk referanse til den avlidne diktatoren. Borna gjekk i prosesjon frå Frigjeringsplassen i Benghazi.

Engleprosesjon i Benghazi i Libya.

Småjenter kledde seg ut som englar medan dei ropte 'Vi er leie oss, Krølltopp', med referanse til den avlidne diktatoren Muammar al-Gaddafi.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / Afp

Leiaren for overgangsrådet, Mustafa Abdul Jalil, sa på fjernsyn i går kveld at regjeringa hans hadde opna armane sine for alle libyarar, både dei som støtta revolusjonen og dei som ikkje gjorde det.

– Men det at vi er så tolerante, gjer ikkje at vi er ute av stand til å ta hand om ustabiliteten i landet. Thuwwaren (brigaden av tidlegare opprørssoldatar) er klar til å svare på alle angrep som har til mål å destabilisere landet vår, sa Jalil blant anna.

Statsminister Abdel Rahim al-Kib i Libya.

Statsminister Abdel Rahim al-Kib vedgår at det er problem med integreringa av militssoldatar.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Men observatørar i Libya meiner at Det nasjonale overgangsrådet ikkje har kontroll over Thuwwar-soldatane, og at det er eit av dei største problema landet har i dag. Dei ulike militsane er skeptiske til kvarandre, og militssoldatane tek i stor grad ordre berre frå sine eigne leiarar.

LES OGSÅ: Første rettssak mot Gaddafi-tilhengere i Libya

LES OGSÅ: Dyp splittelse preger «nye» Libya

– Vanskeleg integrering

Statsminister Abdel Rahim al-Kib vedgår at det er ei vanskeleg oppgåve å integrere dei ulike militsane inn i tryggingsstyrkane, men at 5000 av dei no er ein del av den nasjonale styrken.

Rådgjevar for Verdsbanken, Hafed al-Ghwell, er uroleg også for Det nasjonale overgangsrådet.

– Overgangsrådet slit med intern usemje, mangel på truverde og at det blir stilt spørsmål ved effektiviteten, skriv han i ein rapport.

LES OGSÅ: Første rettssak mot Gaddafi-tilhengere i Libya

LES OGSÅ: Dyp splittelse preger «nye» Libya

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt